Krifastrabatt eller gratis busskort?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ordførar Sjømæling ber styret i Fastlandsfinans om på nytt å vurdere auka rabatt for dei fastbuande på Bergsøya når det gjeld Krifastpassering. Er det rett virkemiddel?

Naturvernforbundet har ikkje noko imot at spørsmålet blir vurdert. Men kommunane held på med eit prosjekt som blir kalla klimaplan. Det går ut på å velje virkemiddel for å redusere utslepp av klimagassutslepp. Som vi veit lukkast ikkje statsleiarane med det store prosjektet sitt i København. Dessertgenerasjonen var ikkje viljuge til å ta grep, og overlet som vanleg problema til oppvaskgenerasjonen. Sjølv om statsleiarane ikkje orka kan ikkje vi andre gi opp. Så då er spørsmålet om det finst fleire måter å gjere ting på, og kva verknader dei har.

Av avisartikkelen i Tidens Krav 18.12.09 går det fram at mange har behov for å reise Bergsøya-Batnfjordsøra nokre gonger for dag. Det er ei strekning der Timeekspressen køyrer kvar time. Naturvernforbundet har lukkast med å få ein større parkeringsplass på Krifast slik at det er råd å setje at bilar der for dei som ikkje kjem seg dit på annan måte. Om ikkje alle turar på strekninga kan løysast med buss, så vil bruk av buss hjelpe godt for mange. Anten ein er for ung til å ha førarkort, for gamal, eller at ein ikkje vil ha førarkort, vil bussen miljømessig vere eit mykje betre alternativ enn rabatt for bil gjennom Krifast. Dessutan finst det ein og annan med førarkort som gjerne tar bussen om det er lagt til rette for det. Ordførar Sjømæling si oppgåve er at alle desse ikkje blir sett på som skrullingar, men tvert om gode samfunnsborgarar som tar ansvar for nye generasjonar. Her er om å gjere at dei som vil brukar bussen oftare i staden, og får med seg fleire. Dette er faktisk det enklaste virkemiddelet for å redusere klimagassutsleppa frå trafikken betydeleg.

Difor ber Naturvernforbundet om at ordførar Sjømæling skriv eit nytt brev til Fastlandsfinans. Der bør det søkast om ei ordning slik at dei som bur på Bergsøya får ein ekstra rabatt kosta av Fastlandsfinans når dei kjøper ungdomskort eller andre rabattordningar på bussen. Gjerne med ei økonomisk ramme tilsvarande det som ville vere aktuelt med auka bilrabatt.

Tiltaket kan gjerne sjåast i samanheng med at dei som bur mellom Gjemnes og Batnfjordsøra får lokalbusstilbod i eit visst omfang når nyvegen står ferdig. Då ville det jo vere fint om ein har eit passasjergrunnlag som tilseier nokre ruter for dag langs gamlevegen. Det kan ein få viss folk flest tenker på når neste bussen går framfor å tenke på kor bilnøklane er.

Dei som får eit såpass godt busstilbod at dei kan selje den eine av dei to bilane familien har vil dessutan oppleve at dei då har fått ein kjemperabatt på transportbehovet sitt.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal