Kristiansund/Frei og arealbruk

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dagleg er arealbruken i Kristiansund/Frei tema mellom folk og i avisene. Kristiansund er i vekst og presset på ubygde areal har vore stor ei god stund. I slike tider er det viktig at ein ser arealbruken i eit lengre perspektiv.

Det er alltid framstilt som om det er knapt med utbyggingsareal. I ei meining er det rett, men for kvart år blir meir og meir areal tatt i bruk til utbygging. Arealet det blir mindre av er dei grøne areala. Det er dei areala det blir knappare av for kvart år.

Folk treng slike grøne areal ikkje så langt frå der dei bur. Det er viktig at ungar har ein stad der dei kan bygge hytte i skogen, der det er råd å finne nokre tre det går an å klatre i og der ein kan utfolde seg med krok og sving og ikkje linjal. Ungane køyrer ikkje bil, og det er ein stor fordel om mange av dei kan gå heimafrå til slike grøne areal utan å måtte krysse ekle vegar med mykje trafikk. Mange vaksne har stor glede av å utfalde seg ute samtidig som bilen står i garasjen, og det ville vere sunt for fleire. Grøne område i nærområda er viktige.

Debatten går om Atlantenområdet, om Sødalen og Skorpa. Toppen av all lukke er å bygge større flyplass, breiare vegar og fleire butikkar, skal ein tru det som står i avisa. Den tid kjem nok at lukke er noko anna, men då var det bra om ikkje alle grøne område er lagt under asfalt. Den tid er alt no at folk ringar til Naturvernforbundet for å be om hjelp mot denne overivrige utbygginga.

Rådmann Monge har innstilt på at kjøparane av Skorpa ikkje skal få konsesjon for utbyggingsføremål. Godt! Utbyggarar bør ikkje kunne vente å få omgjort grøne areal til byggegrunn, så berre nekt dei konsesjon. Det var å håpe at Utviklingsutvalet tenkjer på same måten.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet