Kritiske til jakt i Surna naturreservat

Naturvernforbundet og Norsk Ornitologisk Forening har i ei fråsegn til Fylkesmannen i Møre og Romsdal nokre spørsmål og kommentarar til varsla endringar i jakt- og fangstreglar i dyrelivsfredningsområdet i Surna naturreservat.

Dyrelivsfredningsområdet, som omfattar Syltøran og eit belte langs Surna oppover til Ranes, er frå 1988 freda mot jakt og fangst. I forvaltningsplanen for Surna naturreservat frå 2014 varslar Fylkesmannen om forenkling av reglane for jakt/fangst i dyrelivsfredningsområdet.

Bestandsnedgang av fugl i det tradisjonelt drivne kulturlandskapet er eit nasjonalt problem, som har medført at bl.a. lerke, vipe, storspove og brushane er klassifisert som truga/sterkt truga artar (forslag til norsk Raudliste 2015). Saman med raudstilk og småspove var desse artane tidlegare utbredt langs Surna, men tilbakegang har vore markert over lang tid.

Artsdatabanken forklarar den negative utviklinga med biotopendringar pga. omlegging i driftsformene. Eit tiltak for å hjelpe fugl i dyrelivsfredningsområdet er difor å legge til rette for mindre intensive driftsformer i randsonene mot strandeng/flaummark. Her bør ein unngå bruk av kunstgjødsel, og legge til rette for utsatt slått. Dette vil vera ein form for biotop-restaurering som bl.a. vil vera til hjelp for bakke-rugande fugl.

Organisasjonane er kritiske til om utvida adgang til jakt er rett løysing.