Krype, gå eller flyge?

Denne artikkelen blei publisert i Aura Avis 9. november 2018 som ein del av serien Øystein Folden i Naturvernforbundet publiserer om framande artar i Noreg som også finst på Nordmøre.

Den mispelen i vårt område som verkeleg er krypande er vintermispel, men den hoppar vi over i dag.

Krypmispel Cotoneaster horizontalis er ikkje utprega krypande, men har no fått namnet likevel. Vekstforma er spesiell nok, så det er råd å kjenne busken igjen. Det må elles seiast at det kan vere tale om kring 10 artar som i praksis er slått saman og blir rekna som krypmispel. Den store oversikta manglar, så ingen er vel heilt i stand til å sortere på desse her i landet.

Krypmispel har risiko (SE) svært høg risiko. Busken får store mengder bær som fuglane flyg av stad med. Når det i tillegg er nok med ein busk for å få avkom, så vil buskar som har hamna i skogen føre til ytterlegare spreiing. Busken trivst godt mange stader, men tørre berg med kalkpåverking er kan hende favoritten.

På slike stader er det ei rad artar som slit nettopp med konkurransen frå framande artar. Første gong krypmispel blei funnen ute i naturen i Noreg var i Grimstad i 1982.

Cotoneaster kjem av eit stadnamn, Kydonia på Kreta, og aster fortel at noko ikkje er dyrka, men vilt. Conrad Gesner var det som bruka namnet om denne slekta i 1577. Gesner kunne sitt Fadervår, som språkforskar hadde han oversyn over det på 22 ulike språk. Han var også den første som skreiv om brunrotta i Europa. Så var det litt botanikk på si. Wikipedia kan fortelje mykje meir om Gesner. Horizontalis seier seg vel nærast sjølv. Det fine fiskebeinsmønsteret i greinene ligg om lag horisontalt.

I alle fall ein del av buskane som reknast som krypmispel kjem frå Kina.

Krypmispel bør vi gjere ein del for å bli kvitt, før busken får etablert seg i naturen for alvor. I mispelslekta er det berre to artar som finst naturleg i Noreg. Resten er prydbuskar som har eit lag med å spreie seg ut i naturen. Men det er om å gjere at vi ikkje ryddar ut dei to vi har naturleg. Krypmispelen kan nok likne litt på den eine, dvergmispel, som stundom kan ha liggande greiner, men dvergmispel har blad som er filthåra på undersida. Krypmispel har ganske små blad som ikkje har hår under.

I første omgang er det viktig å få fjerna frøa, så fuglane og mus ikkje kan spreie desse. Deretter er det å kutte ned buskane og dra opp rota. Det er ikkje så store røter på desse, så det kan ein ofte få til. Som alltid, røter og frø skal ikkje trillast bort i skogkanten, men leverast til godkjent mottak.

Risikovurdering
Framande artar blir vurdert etter moglegheita si til å spreie seg, og om dei kan gjere skade på artar som alt finst i området. Graderinga er som følgjande, etter framandartslista frå 2018:
SE Svært høg risiko
HI Høg risiko
PH Potensiell høg risiko
LO Låg risiko
NK Ingen kjent risiko

Øystein Folden frå Naturvernforbundet held fram med å presentere ein del framande artar som er på veg ut i norsk natur.