Kurs i sviing av kystlynghei

Har du kystlynghei, men veit ikkje heilt korleis du skal brenne ho? Då kan du lære meir ved å vere med på kurs.

Naturvernforbundet samarbeidar med Forum for natur og friluftsliv om å skjøtte kystlynghei på Småge i Aukra ved brenning.

Brenninga går oftast føre seg om våren (februar-mars) og er veldig avhengig av veret. Difor har vi ingen dato for når kurset blir. Dei som vil vere med må difor melde si interesse til Naturvernforbundet, og så blir ein halde orientert om aktuelle datoar det kan bli.

Gjennomføring av kurset er avhengig av veret og ein må vere mange nok når tilhøva er der.

Når bakken er våt, lyngen tørr og vindretninga er grei, så blir det. Dei som kan den aktuelle dagen kan vere med, om ein ikkje kan, så må ein håpe på neste gong.

Før kurs er det nokre videoar ein bør sjå på. Det er difor bra om ein melder seg interessert så snart som mogleg.

Det er ikkje kursavgift, men ein må dekke reiseutgifter sjølv.

Er du interessert i å vere med på kurset, ta kontakt med fylkessekretær Øystein Folden, e-post moreogromsdal@naturvernforbundet.no

For ordens skuld, ein treng ikkje eige ei kystlynghei for å vere med.