Kva er alternativet til Skorpa som friområde i Kristiansund?

I Kristiansund er det ein diskusjon om utbygging av friområdet Skorpa. Konsekvensane av ei slik utbygging skal no greiast ut. Skorpa er det største friområdet som er att i «gamle» Kristiansund. Naturvernforbundet meiner eit viktig utgreiingstema er å om ein skal bygge ut Skorpa og så frakte alle Kristiansundarar til Frei kvar gong dei vil ut på tur, eller om det skal vere att store og gode friområde i gamle Kristiansund òg.

Naturvernforbundet peiker på fleire argument for å halde fram med å ha friluftsområde i by:

– Skulene har behov for natur til undervisning i sine nærområde (så nære at det ikkje får budsjettmessige konsekvensar). Det gjeld naturfag, kroppsøvingsfag, estetiske fag og gjerne fag som samfunnsfag og historie. Nokre timar med naturfag og kroppsøving på Skorpa med etterfølgjande skulekjøken av det ein fann av bær er mellom dei kvalitetane Skorpa gir rom for.

– Mykje av strandlina som står att elles i Kristiansund er verhard og mindre tilgjengeleg. Skorpa representerer viktige alternativ.

– Andre friluftsområde krympar stadig og misser kvalitetar: Kvernberget, Vikan, Atlanten og Draget på Dale er vel døme på dette.

Naturvernforbundet krev difor at det må utgreiast om det kan skaffast til vege tilsvarande friområde innan rekkevidde utan bil for dei som bur i gamle Kristiansund.

Naturvernforbundet har også nokre fleire forslag til utgreiingstema.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Fråsegn frå Naturvernforbundet til program for utgreiing