Kva er målet?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Atlanterhavstunnelen skal vurdere AutoPASS igjen. Då trengst det ei utgreiing for å finne ut om det er bra. Styret i Atlanterhavstunnelen kan vel ikkje anna. Men det er jo eit spørsmål om dette styret sine mål samsvarar med måla til alle oss andre.

Med automatisk bompengeinnkreving kan dei misse inntekter. Takstauke vil føre til at trafikantane anten let vere å køyre, blir passasjerar i bil eller reiser kollektivt, viser Vegvesenet sine tidlegare analyser. Dessutan er auka i bruken av el-bil eit problem.

Det er sjeldan det blir servert så tydeleg. Viss målet er å redusere våre klimagassutslepp, så er det nettopp ei slik utvikling vi gjerne vil ha. At ei prisauke i tunnelen kan ha så god verknad, det er jo fantastisk. Vil ein oppnå det same på anna vis, må ein nok stort sett rekne med å betale mykje meir.

Det finst nasjonale klimamål som ligg langt utanfor rekkevidde om ikkje stat og andre får farta opp med tiltak som hjelper. Truleg vil det vere god lønsemd om staten legg nokre kroner inn i Atlanterhavstunnelen for å dekke opp bortfall av inntekter viss ein innfører AutoPASS og får sett passeringsavgiftene opp med 50%. Redusert køyring og auka kollektivtrafikk på det som er igjen vil vi veldig gjerne ha. Kompiskøyring og bruk av el-bil er også betre enn dei andre alternativa.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal