Kva er målet med Atlanterhavstunnelen?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det blir ikkje gitt fritak for tunnelavgift for buss gjennom Atlanterhavstunnelen og fylkeskommunen ser seg nøydd til å redusere busstilbodet mellom Averøy og Kristiansund, las vi nyleg. Kva er målet med Atlanterhavstunnelen? Å samle inn pengar for å betale tunnelen?

Vi andre driv med tiltak for å få ned CO2-utslepp slik at barnebarna våre kan arve ein klode som er minst like god som vi sjølv fekk han. Det går ut på å finne løysingar der ein kan korte ned køyreturane og gjere så mange som mogleg av dei med kollektivløysingar framfor matpakkekøyring med bil. Atlanterhavstunnelen er eit skrekkeleg døme på det motsette, der ein tidlegare kunne velje greie løysingar for å kome seg til ferja og så spasere inn på ferja og etterpå inn i Kristiansund sentrum. No må alle bruke køyretøy både djupt og langt for å få til same transporten. Talet på bilar i sambandet har sprengt dei fleste prognosane, sjølv om dei også var sett høgt.

Det handlar også om dei som ikkje har førarkort eller bil. 40% har ikkje førarkort, så det gjeld nærare halvparten. Mange av dei kunne tidlegare ta seg fram til Bremsnes med sykkel og så var resten av problemet løyst. Alle desse treng no hjelp for å kome seg gjennom tunnelen. Ga tunnelen fridom til å passere fjorden når ein vil? Ja, for nokon, dei mest ressurssterke. Men mange missa ein fridom dei hadde før. Det handlar denne saka også om.

Ta til vettet dei som kan! Kollektivløysingane må heller bli betre og meir omfattande enn å bli bygd ned.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal