Kva for eit tre veks fortast?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det ser ut til at Ole Kårvåg i Møre og Romsdal Skognæringsforum meiner at svaret er sitkagran.

Det ser ut som Kårvåg lengtar etter å hogge store mengde med sitkagran i eigen skog. Sidan det er omstridd å plante eit treslag som til dei grader endrar landskap og økologi, skuldar han på klimaet for å få lov. Naturvernforbundet reknar i grunnen ikkje med å omvende skogbruket, etter at dei har fått smaken på sitkagran, men alle andre her i verda kan vite at det finst andre oppfatningar om kva som er rett i dette store spørsmålet.

Hovudproblemet vårt med karbon i form av CO2 er at vi tar karbon ut av det langvarige kretslaupet, i form av olje, gass og kol. Vi klarar ikkje å få karbonet tilbake igjen i langvarige lager like fort. Så har vi eit kortvarig kretslaup. Graset som gror, blir spist og kjem ut igjen som møkk som gjer sitt til at det kan bli nytt gras, er eit kortvarig kretslaup. Skog som veks, rotnar eller blir brent, og så veks det nye tre igjen, er også eit kort kretslaup.

Enkelte korte kretslaup klarer å føre over noko til det lange kretslaupet. Når myra får vere i fred, så blir det bygd tjukke torvlag som etter kvart går over til kol. Det vil ta lang tid, men det er slik ein del av kolet vi brenn i dag har blitt danna. Det brune jordsmonnet vi har er resultatet av daude plantedelar som har rotna etter siste istid. Det er ikkje så mange gram pr. kvadratmeter og år, men blir det mange nok kvadratmeter og år, så blir det mykje. Heilt av seg sjølv, så lenge vi menneske ikkje roter det til.

Skogbruket lovprisar sitkagrana sidan stokken veks fort. Sidan skogbruket har tenkt å hogge denne stokken, så er det vesentleg å vite kva som skjer med stokken etter at han er hogd. Ein god del blir til papir. Papir ender opp i omnen. Då er karbonet lekka ut igjen som CO2. Ein del av stokkane blir til plankar som blir til nye hus. Viss husa blir mange hundre år gamle, så hjelper det jo litt. Men viss ein riv eit gamalt hus før ein set opp eit nytt, må ein trekke frå for det gamle som blir brent opp. Ein del av stokken blir ikkje brukt til noko anna, og blir brent opp som flis og ved.

Eit vesentleg spørsmål til skogbruket må vere, kor stor del av stokken får eit «evig» liv som treverk der karbonet er bunde? Alternativt, kor lang tid i gjennomsnitt går det før stokken er omdanna slik at karbonet ikkje er bunde lenger?

Elles skal ein merke seg at moderne hogst snur opp ned på jordsmonnet. Det gir ein stor lekkasje av CO2. Det karbonet som forsvinn er karbon som bakken har samla opp sidan istida, i form av brunt jordsmonn.

Eit tredje moment er at det tar litt tid før stokken legg på seg for alvor. Såleis kjem verknaden skogbruksnæringa er opptatt av ein god del år fram i tid. Vi har desperat bruk for tiltak som har verknad alt no.

For Naturvernforbundet er det på ingen måte klart at planting av gran på Vestlandet har god verknad tidsnok når det gjeld klima, og verknaden på det biologiske mangfaldet er kraftig negativ.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal