Kva gjer industrien med straumsparinga?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Nyleg hadde Naturvernforbundet eit energiseminar i Trondheim. Dette var ein oppfølgjer av rapporten om straumsituasjonen i Midt-Noreg som blei lagt fram tidlegare år. Naturvernforbundet si vurdering er at det er nok straum om vi gjer ein del justeringar framover. Denne gongen kan vi presentere litt av det som kom fram om moglegheitene innan industrien.

Å innføre energileiing i verksemdene er spesielt viktig. Hunton, ei treforedlingsverksemd på Gjøvik, auka produksjonen med 15 % samstundes som dei reduserte energibruken med 15 %. Sjølv om dette ikkje er vanleg verknad, er det sannsynleg at 10% innsparing ofte vil vere mogleg i verksemdene med små investeringar om ein går inn i ordninga med energileiing.

Aker Verdal har spara 5,1 GWh ved å sløkkje utelamper om dagen, kjøpe nye sveiseapparat og slå av apparat som ikkje er i bruk. Enkle tiltak hjelper.

Norsk Industri har sjølve kome fram til at det let seg gjere å spare 5,3 TWh innan industrien på landsbasis. Vasskraftproduksjonen er til samanlikning på ca. 120 TWh i året.

Av straumforbruket på Hydro Sunndal går 3,5 TWh ut som varmetap. 10 % av denne energimengda kan gjenvinnast som straum frå varmen i elektrolyseomnane med etter måten små investeringar, og det er teknisk mogleg å gjenvinne inntil 30 % ifølgje Cronus energy.

I Elnesvågen har Tine eit anlegg som produserer Jarlsbergost. Dei treng mykje energi til å lage varmvatn og damp. For nokre år sidan la dei om frå fyringsolje til gass. Få hundre meter borte ligg verksemda Hustadmarmor som slepper store mengde varmvatn på sjøen. Fræna kommune fekk i si tid tilbod frå Hustadmarmor om å få varmvatn gratis til bruk i Elnesvågen, og ville med varmepumpeteknologi hatt eit godt anlegg som kunne ha kome Tine til del også, men har til no takka nei.

Dessutan er det minst 9 TWh spillvarme som kan brukast som grunnlag for oppvarming og for anna industriproduksjon. Tilgjengeleg teknologi for energisparing og energigjenvinning er under stadig utvikling, så totalt må vi kunne rekne med at industrien kan bidra med 20% redusert energibruk på få år.

Forsking er også viktig. Elkem aluminium og amerikanske Alcoa arbeidar med ein metode for aluminiumsproduksjon kalla karbotermisk reduksjon. Lukkast dette er det venta å gje eit redusert energiforbruk frå i dag 13,5 MWh pr tonn aluminium til 9,5 MWh. Det utgjer 4TWh i Noreg. Sjølv om dette ligg fram i tid, kan det vere godt å ha når Noreg sitt CO2-utslepp må reduserast i åra som kjem.

Industrien i Møre og Romsdal har auka straumforbruket sitt mykje dei siste åra. Det er tid for at denne industrien ser nærare på korleis vi kan sikre at verdifull straum blir nytta til edle føremål, og at vi aukar bruken av ”lågverdig” energi som varme til erstatning for straum der det går an.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar