Kva gjer Tingvoll kommune med svartlisteartane?

Norsk svarteliste 2007 har snart vore her i 10 år, og «Fremmede arter i Norge med norsk svarteliste» frå 2012 skal snart reviderast. Kva har ein brukt kunnskapen til og kva har skjedd lokalt? Naturvernforbundet i Tingvoll spør Tingvoll kommune.

Verknaden av framande artar som er sleppt ut i norsk natur og i ettertid viser seg ikkje burde ha vore der, kven skal gjere noko med dette? Kven skal passe på så ein ikkje skaper ugreie med artar som spreier seg, men som ein framleis kan stoppe?

Når nokon som skal grave i hagen sin tar «Forskrift om fremmede organismer» på alvor og vil levere eit lass med jord som er infisert til godkjent avfallsplass, kva svarar kommunen på ein slik telefon? Kva gjer kommunen for å finne ut om dei sjølv spreier slike artar med si verksemd, tilsikta eller utilsikta?

Naturvernforbundet vil utfordre Tingvoll kommune til å gjere noko med dette temaet. Sidan det alltid er enklare å ta tak i konkrete utfordringar, skal vi vere konkrete på nokre område, men vil gjere merksame på at dette temaet er større, og at kommunen ikkje kan avgrense seg berre til dei punkta vi tar opp.