Kva skal til for å løyse energiproblema i Møre og Romsdal

Nytt lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, som svar på innlegg frå Anne Jorunn Hammerø Hatle (Sp), leiar i Nærings- og miljøutvalet i fylket.

Det er eit framsteg å få svar, så takk til Anne Jorunn Hammerø Hatle, leiar i Nærings- og miljøutvalet i fylket, som svarar Naturvernforbundet i Tidens Krav 17. september. Naturvernforbundet har ikkje for vane å få svar, og om det kjem noko så kjem dei seint. Til dømes sendte vi ein søknad til fylket med førespurnad om støtte til å arbeide med energispørsmål. Vi har vel fått eit vagt munnleg svar og ingen pengar. Det er ikkje så mykje når det er nærare to år sidan søknaden vart sendt. Vi har sendt spørsmål om konkrete opplysningar til Istad Nett i vår og ei påminning i august. Vi venter på svar derifrå også. I mellomtida registrerer vi at Bellona har brukt nokre pengar dei har fått til å revolusjonere tankegangen kring CO2. Styresmaktene bør ikkje sjå bort frå at miljørørsla kan kome med løysingar dei sjølve har vondt for å sjå.

Så førebels arbeider vi dugnad på natta (det går litt seinare) og må nytte oss av ein del uautoriserte kjelder for å finne ut av korleis det står til med kraftsituasjonen.

Så langt er Naturvernforbundet sine konklusjonar desse: – Sjølv om det blir bygd gasskraftverk i Møre og Romsdal vil det framleis vere behov for ei ny stor kraftline inn til fylket. Det har med det å gjere at eit gasskraftverk til tider vil gi eit overskot som må eksporterast ut av fylket og at gasskraftverk ikkje går kontinuerleg. – Sjølv om heile Havsulprosjektet blir bygd ut, vil det også vere behov for ei ny stor kraftline. Vindmøller produserer ikkje straum i stille ver og sterk vind. – Sjølv om alle småelvane i fylket blir bygd ut, vil det vere behov for ei ny stor kraftline. Dei er rett og slett ikkje mange nok. Dessutan renn det mykje mindre vatn i elvane om vinteren, og dei er tørrårutsett i enda større grad enn dei vasskraftverka som alt er bygd.

Spørsmålet er så om det er tilstrekkeleg med ei ny stor kraftline inn i fylket utan gasskraft, mykje vindmøller og mange minikraftverk. Naturvernforbundet trur svaret er ja. Sidan det ikkje er nokon veg utanom ei slik kraftline, tykkjer vi det er like greitt å sjå på denne med ein gong. Vi trur gjerne det totalt sett er eit mindre inngrep enn summen av inngrepa knytt til vindmøller, minikraftverk og gasskraftverk til saman.

Spørsmålet er vidare om det finst kraft andre stader som kan transporterast til vårt fylke i ei slik ny kraftline. Det er avhengig av korleis vi ordnar oss. Viss vi ropar på meir kraftproduksjon som einaste løysing, kjem vi aldri til å få nok energi. Viss vi derimot arbeidar for at kraftforbruket vårt ikkje skal auke meir, får vi til dette.

Det finst til dømes nokre stader i vårt fylke som har varmvatn som ikkje blir nytta fullt ut. Sunndal, Averøy, Aure, Fræna og Ålesund har i alle fall slike ressursar. Fylket står dessutan fullt av biobrensel på rot. Produksjon av ein terawattime biobrensel gjev 300 arbeidsplassar, mykje meir enn 10 gonger så mykje som eit tilsvarande gasskraftverk. Viss folk varmar opp husa sine med biobrensel (ved eller pellets) sparar vi straum som industrien kan nytte seg av i staden. Det er både varmvatn og biobrensel andre stader i landet og, så det er råd å frigjere ein del straum på den måten.

Elles vil vi utfordre Hatle på litt samfunnsplanlegging. Naturvernforbundet skjønar slett ikkje kvifor det må byggast gasskraftverk på Tjeldbergodden. For å få straumen dit han skal brukast må det byggast i alle fall 5 mil, truleg det doble, med omstridde kraftliner. Skal ein først bygge noko slikt anlegg, kan det vel byggast der krafta skal brukast? Dessutan kan ein bygge ein pelletsfabrikk på Tjeldbergodden for å nyttiggjere seg varmvatnet som alt er der. Det skulle vere råd å sysselsetje minst like mange med ei slik verksemd som med eit gasskraftverk. Hatle er vel kan hende såpass glad i distrikta at Høyanger og Årdal kan få nokre industriarbeidsplassar. Der er det visstnok snart ledig straum. Så kan vi spesialisere oss på å lage og bruke biobrenselprodukt i vårt fylke. Elles trur vi nok at alderen på linenettet ikkje blir mindre av å bygge eit gasskraftverk.

Vi treng politikarar som har fleire tankar i hovudet samtidig, politikarar som ser at vi både må løyse dei store globale klimaspørsmåla og sørge for næringsutvikling der vi bur. Kanskje Hatle vil bli ein slik politikar?

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42