Kva skal vi med bussen

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet.

Familien hadde behov for å sende nokre med bussen frå Tingvoll til Kristiansund sist søndag. Då er http://www.177mr.no/?div_id=1&pag_id=1 førstevalet for å finne ut av kva som går. Kva får ein så opp av forslag frå Tingvoll på søndag etter kl. 12.00? Då kan ein ta bussen kl 17.55 til Sunndalsøra og så vidare derifrå til Kristiansund. Fram kjem ein kl 21.30. Eller om ein ikkje gidd ta Nordmøre rundt så kan ein vente til kl 23.45 – då er det gjort på vel ein time.

Dette er ganske håplaust, så tanken på ein biltur til Kristiansund var nærliggande. Til vi tok ein telefon til Per Hoseth og spurde om han skulle ut og køyre buss. Det skulle han.

Det Trafikanten ikkje viser er at det går buss frå Tingvoll kl 15.20 til Krifast, med Timeekspress vidare til Kristiansund og turen er gjort på dryge timen. Men det veit nok berre Per Hoseth som køyrer ruta, og dei som stiller seg opp i vegkanten i håp om at det kjem ein buss av noko slag ein eller annan gong.

For ikkje lenge sidan høyrde eg om eit par utlendingar som hadde lånt seg bil og køyrde frå Tingvoll ut til Krifast for å ta bussen til Oppdal og toget til Oslo. Litt lite engelskspråklege var dei. Så på Krifast blei dei sett på bussen gjennom Tingvoll. Gjett kven som ikkje kom med Oppdalsbussen på Sunndalsøra? Det høyrer med til saka at nokon som kjende dei tok affære og forlangte at dei blei køyrd med taxi til Oppdal, og Nettbuss dekte visst den taxituren.

Dette skjer i oktober, etter at problema oppsto i juni.

Det er ufatteleg, klønete, talentlaust, horribelt, idiotisk – ja det finst ein del fleire ord ein har lyst til å bruke – at ikkje dette er ordna opp i slik at heilt vanlege menneske veit når bussen går og at det ikkje blir tullball på vegen.

Etter det vi forstår er Nettbuss oppgitt over at fylket ikkje kjem med pengar til å dekke meirkostnadene, og fylket er sikkert oppgitt over at den såkalla produksjonen ikkje er som avtala. Det kan dei som vil krangle om seinare, og det er revnande likegyldig for dei som vil eller må bruke bussen. No er det rett før Naturvernforbundet møter opp på eit eller anna kontor med stor ryggsekk og sovepose for å bli der til saka er ordna.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll