Kva skjer med småfuglane

Naturvernforbundet har fått eit spørsmål om kva konsekvensar auka uttak av biobrensel vil ha for småfuglane. Saka har nok interesse for fleire.

Spørsmålet til Naturvernforbundet: Hva med småfuglene?
Hei! Vet du om det tas tilstrekkelig hensyn til fugler, insekter, yngleplasser for skogsdyra o.l. når det nå snakkes om at skog og kratt skal bli bioenergi? Undertegnede hadde et lite innlegg i Romsdals Budstikke den 19/3 om at «det blir ikkje greit å vera fuggel» når mange sårt tiltrengte reirplasser forsvinner. Insektene vil raskt øke i antall og sprøyting med gift blir resultatet. Kulturlandskapet må fram i lyset igjen, selvsagt, men trær og busker vokser ikke så veldig raskt. Har også sendt epost til Bjørn Jacobsen på Stortinget om det samme, men håper at du vil være småfuglenes talsmann i noe som er så viktig for både dem og oss. Svar frå Øystein Folden:

Det er bra at nokon tenkjer på dette. Eg skal forsøke å trekke opp nokre liner i utviklinga, og så skal eg spørje andre om dei kan seie noko meir om det. Noreg har ei blanding av skog og kulturlandskap. Kulturlandskapet er kunstig, og vil gro igjen viss det ikkje blir stelt. Viss vi skal restaurere naturen vår, vil det vere tale om ein natur som i mykje større grad enn no består av skog, og artsmangfaldet knytt til kulturlandskapet vil i stor grad forsvinne. Slik sett er det vel alminneleg aksept for at vi ikkje skal restaurere landskapet til skog, men prøve å halde kulturlandskapet. Overgangssonane mellom skog og eng er særs verdifulle sidan dei gjev ein variasjon som passer for mange. Likeeins er det viktig med åkerkantar og vegetasjon langs opne grøfter. Steingardar kan gje gode reirplassar for nokre fuglar og skjul for dyr. Viss alt blir pløygd åker i samanhengande stykke, forsvinn mangfaldet. For 100 år sidan var beitetrykket mykje større, og veduttaket også, slik at vi hadde eit ope landskap. Viss vi tenkjer landskap i nærleiken av bustadene våre, var dette eit landskap som høvde for dyr og fuglar knytt til åker og eng. Fugl som treng reirhol var vist til dei djupare skogane, og hadde gode vilkår der viss det var skog som fekk døy i fred. Attgroing kan føre til at skogsdyr og fuglar kjem nærre innpå oss. I dag blir enga driven som åker. Dyrelivet blir mykje meir avgrensa og ein del fuglar har problem i det opne landsskapet. Åkerrikse er ein art som truleg greide seg godt med det gamle jordbruket, men ikkje det nye. Skogen har ein del tiår blitt driven som plantasje. Det gjeld særleg granskog. Ein art som hønsehauk kan ha det bra ein slik stad, mens andre får problem.Skogsbotnen i granskogen blir mykje einsretta samanlikna med kva ein finn i blandingsskog av furu og lauv. Problemet er nok ikkje knytt til om vi hogger kratt, men om landskapet vårt blir einsarta. Viss landskapet gror igjen med kratt, vil det ofte vere positivt å hogge ein del kratt. Men viss alt kratt kjem vekk, så er det skadeleg. Elles er jo tidspunkt for hogst vesentleg. Hogst i mai-juni vil truleg gjere mykje skade, medan hogst i tida utan lauv kan vere lite problematisk. Etter det eg ser er kratthogst enklare når det ikkje er lauv på buskane, så der kan det vere teknikken og naturen har felles interesse. Inntil vidare trur eg tap av biologisk mangfald vil vere større ved attgroing enn om vi haustar ein del kratt. Haustar vi mykje kratt og til feil tid, så blir det litt annaleis. Men det er viktig å vere på vakt, slik at det ikkje skjer noko utan at vi oppdagar det tidleg og kan gjere nokon med det før det er for seint. Eg har såvidt sett om eg finn deg i medlemslistene våre, men det ser ut til at du manglar der. Kanskje du skulle gjere noko med det? På www.naturvern.no/moreromsdal finn du både ein del saker vi held på med og opplysningar om korleis du kan bli medlem. Jo fleire medlemmer, jo sterkare blir vi. Vi treng alle sortar medlemmer, både aktive og passive. Med helsing Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal