Kva slags organisasjon er eigentleg Naturvernforbundet?
Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har i sitt møte i februar 2019 avslått søknad om støtte til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for avslaget er at Naturvernforbundet er ein politisk interesseorganisasjon. Naturvernforbundet ber om ytterlegare grunngjeving.
Dette er ei endring i høve tidlegare praksis i fylkeskommunen. Naturvernforbundet ber difor om å få klarlagd dei kriteria som er lagt til grunn for endra praksis.
Naturvernforbundet ber også om å få ytterlegare informasjon om saksbehandlinga som har vore i fylkeskommunen i forkant av vedtaket.
Møre og Romsdal Natur og Ungdom har for øvrig fått avslag på sin søknad, med same (manglande) grunngjeving.