Kva vil ettertida seie?

Naturvernforbundet ser at fylkesordførar Jon Aasen er opptatt av kva ettertida vil seie om oss viss det ikkje blir bygd gasskraftverk. Dette sidan vi veit no kva slags kraftunderskot det vil bli i Møre og Romsdal om nokre år.

Kraftunderskotet vil i hovudsak oppstå som følgje av utbyggingar ved Hydro i Sunndal og Ormen Lange-anlegget på Aukra. Kva sa planleggarane av desse prosjekta? Kva sa fylket? At kraftspørsmålet knytt til dette kan vi ta stilling til seinare?

Naturvernforbundet har og tenkt på kva ettertida vil seie om oss. Løysinga på denne moglege energimangelen må ikkje føre til andre problem som er endå verre. Kva er vel litt omstillingsbehov i Møre og Romsdal mot at nokre hundre millionar menneske må flytte frå område som blir overflødde av verknader etter klimagassutslepp? Høyrer ikkje fylkesordføraren til eit parti som har solidaritet med dei som er svakare enn oss som ein av dei store grunnsetningane?

Desse tusenvis av arbeidsplassane som er truga av straummangel, kvar er forresten dei? Når det gjeld arbeidsplassar vil til dømes auka bruk av biobrensel føre til ei god sysselsetjingsauke. Produksjon av 3 TWh biobrensel sysselset kring 1200 menneske.

Naturvernforbundet kan vere med på at situasjonen i framtida krev at vi gjer nokre val no, men det finst truleg fleire løysingar, og det er viktig å velje ei løysing slik at vi kan sjå etterkomarane våre i auga. No er det svært viktig at vi med fylket i spissen kan få ein skikkeleg gjennomgang av energialternativa i full breidde. Gasskraft er ikkje det einaste svaret.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42