Kvanndøla i Rauma – fleire argument for vern

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har tidlegare klaga over konsesjonsvedtak gitt av Norges vassdrags- og energidirektorat når det gjeld søknad frå Kvannkraft AS til å bygge kraftverk i Kvanndøla i Rauma kommune. No er det fleire gode grunnar til å stoppe utbygginga.

Rauma kommune har no vedtatt kommunedelplan for vassdrag. I denne plana er ein vesentleg del av utbyggingsstrekninga plassert i raud sone. Dette står i motsetning til den fråsegna Rauma kommune gav til søknaden for nokre år tilbake.

Naturvernforbundet meiner dette er eit vedtak som departementet må vere kjent med når klagesaka blir avgjort. Naturvernforbundet reknar med at Rauma kommune etter dette må seie nei til dispensasjon frå arealdelsplan i kommunen viss spørsmålet om dispensasjon frå LNF-område kjem opp.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Les brevet til Olje- og energidepartementet

Regelverk for vassdrag i Rauma

Kart over vassdraga i Rauma