Kven er gamalmodig, Dybdal?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Administrerande direktør Elling Dybdal i Tussa Kraft skuldar i Sunnmørsposten 11. januar Naturvernforbundet og resten av miljørørsla for å vere ”gamalmodig i si haldning” til energipolitikken. Dette er eit ganske fantastisk utsegn til å kome frå ein aktør som ut frå intervjuet i Sunnmørsposten ikkje har forstått at intervjuet står på trykk i 2008, ikkje i 1958.

Der Naturvernforbundet legg mykje arbeid i å finne nye løysingar slik at vi både kan stoppe dei farlege klimaendringane og unngå å rasere dei siste naturressursane som er tilgjengelege, vel Dybdal den gamle løysinga: Alt vatn skal i røyr for å lage kilowatt. Som utbyggarar har gjort lenge, bryr han seg ikkje så hardt om det er artar som forsvinn ved utbygginga. For mange er løysinga slik at det ikkje ein gong blir skikkeleg undersøkt. Det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av heiter det visst, men det kan bli farleg for oss.

Dei norske vassdraga har gitt eit svært omfattande bidrag til kraftforsyninga allereie. Det er ikkje mange vassdrag att. Samstundes er det viktig å hugse at vassdraga er ”vår regnskog”. I verda finn vi stort sett vassdragsnatur av ”vår type” på New Zealand, i Chile, i Alaska og langs norskekysten. Dei dyra og plantane som er tilpassa dei norske vassdraga kan nok ikkje utan vidare flytte til eit av dei andre landa med vassdragsnatur dersom vi fjernar leveområda her.

Seint på hausten i fjor kom ein FN-rapport som streka under at den store globale utfordringa ved sidan av klimaendringane er den raseringa av leveområde for dyr og plantar, naturmangfaldet, som menneska har gjennomført, særleg dei siste tiåra. Vi må tilbake til dinosaurane si tid for å finne ein periode med like stort tap av naturmangfaldet som det som skjer nett no.

All kraftproduksjon har negative verknader for naturmiljøet, også vasskraftutbygging. Naturvernforbundet tykkjer difor det er greitt med skattlegging av kraftressursane. Viss dette gjer utbyggingar ulønsame, så blir det i alle fall nokre elvar igjen. Aller helst ville Naturvernforbundet hatt ein fylkesplan for vassdrag. Då kunne vi ta vare på dei mest verdifulle vassdraga i staden for dei som er ulønsame å bygge ut. Verken fylket eller
kraftverkinteressene har gjort særleg mykje til no for å få på plass ein slik fylkesplan for vassdraga. Kanskje det er ein meir fruktbar strategi?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Intervjuet med Dybdal