Kvifor skal busspassasjerane betale bompenger i Atlanterhavstunnelen?

Eit oppslag i Tidens Krav 26. august 2008 om bompenger for kollektivtransporten i Atlanterhavstunnelen som opnar i 2009, har fått Naturvernforbundet til å stille spørsmål til Statens vegvesen.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har lese eit oppslag i Tidens Krav i dag om at styret i Atlanterhavstunnelen har sagt nei til ein søknad om å late busspassasjerar bli fritatt for bompenger når tunnelen opnar våren 2009. Etter Naturvernforbundet si meining er dette eit ganske provoserande vedtak, og svært i utakt med dei miljøutfordringane vi ser, der aukande utslepp frå vegtrafikken er ei av dei problema det ser ut til å vere ekstra vanskeleg å gjøre noko med.

I april i år la Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget fram ei innstilling om bompengeinnkrevinga på Krifast med eit noko anna syn. I denne innstillinga peikar fleirtalet i komiteen på ”den viktige rolla kollektivtransporten har for å redusere utslepp og trafikkulukker. Fl e i r t a l e t vil vise til at det er eit omfattande busstilbod til/frå Kristiansund, og busstrafikken har vesentlege marknadsdelar på strekninga Kristiansund-Molde over Krifast. F l e i r t a l e t vil peike på at hovudregelen er at kollektivtransport skal vere friteken for betaling i bompengeprosjekt, jf. St.meld. 46 (1990-1991).” Heile innstillinga er tilgjengeleg på http://www.stortinget.no/inns/2007/inns-200708-184.html.

Dette står etter det vi kan sjå i direkte motstrid til innstillinga frå transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes-Kristiansund (Atlanterhavstunnelen) i Møre og Romsdal: ”Vegdirektoratet går inn for at betaling av bompengar for passasjerar og kollektivtrafikk blir lagt til grunn i bompengeordninga for Atlanterhavstunnelen”. Denne innstillinga er tilgjengeleg på http://www.stortinget.no/inns/2005/inns-200506-061.html.

Naturvernforbundet vil gi ros til Møre og Romsdal fylke som har stilt seg bak søknaden frå Nettbuss Møre. Denne søknaden har skapt undring i bompengeselskapet. For vår del er vi meir forundra over Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget si miljøskadelege vingling i denne saka, enn vi er over at fylket og busselskapa forsøker å gjennomføre tiltak som kan gi miljøforbetringar.

Naturvernforbundet har etter dette tre spørsmål:

1) Finst det grunnlag for å fravike hovudregelen om at kollektivtrafikken skal vere friteken for betaling i dette prosjektet?

2) Er det bompengeselskapet sjølve som no skal avgjøre om kollektivtrafikken skal betale bompenger i dette prosjektet?

3) Vil Statens vegvesen ta grep for å sikre eit busstilbod som betre, billigare og meir tilgjengeleg enn dagens tilbod mellom Averøy og Kristiansund etter opnina av Atlanterhavstunnelen?

Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05

styremedlem

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Postadresse: 6630 TINGVOLL

Epost moreromsdal(a)naturvern.no

Internett www.naturvern.no/moreromsdal