Kvikksølvubåten må hevast!

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kvikksølv er ei dei farlegaste miljøgiftene vi har og ein global trussel mot miljø og helse. Særleg nervesystema til barn og foster er utsette for denne gifta. Utanfor Fedje i Nordhordaland ligg vraket av ubåt U-864 som blei senka i 1945. Dette vraket kan innehalde så mykje som 65 tonn kvikksølv. Til samanlikning var dei totale norske kvikksølvutsleppa til sjø 490 kg i 2005.

Fiskeri- og kystdepartementet har rådd til at denne forureininga skal dekkast til. I Naturvernforbundet er vi svært kritiske til dette rådet. Ved ei utlekking, kan dei mengdene med kvikksølv det her er snakk om effektivt fjerne både fiskeoppdrett og kystfiske langs store delar av kysten vår.

Tildekking av miljøgift på sjøbotn er brukt i nokre høve der store mengde masse er noko forureina, t.d. av PCB. I dette høvet er det giftige stoffet i stor grad samla ein stad og der veldig konsentrert. Det er høgst uvisst om tildekking her vil fungere over lang tid, og om ei tildekking vil hindre at miljøgifta seinare kan bli fjerna. Naturvernforbundet meiner dei utgreiingane som er gjort har vore fokuserte på slik tildekking. Ulike måtar å heve U-864 på har ikkje vore drøfta godt nok.

Det kan ikkje vere slik at det at tildekking i første omgang er billigare enn å fjerne ubåten kan forsvare å sette på spel miljøet på heile kysten vår. Naturvernforbundet utfordrar difor organisasjonar, kommunar og andre i fylket vårt til å ta høgt og tydeleg til orde for å få til ei opprydding utanfor Fedje.

Øystein Folden

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Brev til kommunane i Møre og Romsdal

Svar frå Herøy kommune