Kysinga i Rindal: Naturvernforbundet klagar på saksbehandlinga
I 2006 kom det ein søknad frå Kysinga kraft i Rindal. Naturvernforbundet peika på at dei vurderingane som var gjort av naturmangfaldet i søknaden ikkje kunne nyttast til noko som helst. No inviterer Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til synfaring i saka, men Naturvernforbundet klagar.
– Det at NVE går vidare med utbyggingssøknaden i staden for å sende heile søknaden i retur, tolkar vi som at NVE godkjenner kva som helst av søknader, utan å vurdere kvaliteten, seier fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet.
Naturvernforbundet sender no klage på saksbehandlinga til NVE. Naturvernforbundet har i ei tidlegare sak i Rindal, Gryta kraftverk, fått gjennomført ei eiga kartlegging av biologisk mangfald som viste at utbyggarane hadde gjort slett arbeid. Det blir no varsla at det kan vere aktuelt å gjøre det sama i denne saka. NVE vil måtte betale for denne kartlegginga.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre