Kystlyngheia blei gløymd

Kystlyngheia har eit eige kapittel i naturmangfaldlova så ho ikkje skal bli borte bit for bit. Det gløymer kommunane stadig vekk. Denne gongen Aukra kommune.

Kystlynghei er ein utvald naturtype. Viss ein vil gjere tiltak som kan påverke utvalde naturtypar, skal det til meir omfattande saksutgreiing enn for meir vanlege areal. Viss nye tiltak vil gjere det vanskelegare å beite eller svi kystlynghei, skal dette fram i lyset før vedtak blir gjort. Det er også ekstra krav til kunngjering.

I samband med ei småbåthamn på Småge har tiltakshavar, konsulent og kommune gløymt den delen av jobben. Dermed har kommunen pådratt seg ei klage frå Naturvernforbundet.

På Småge er det aktiv skjøtsel av kystlynghei med beiting og sviing årleg. Viss du har lyst til å vere med på brenning, kontakt Naturvernforbundet. Småge er eit viktig kystlyngheiområde også i nasjonal samanheng.

Klaga kan du lese her: