Kysttorsken skal vernast!

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kysttorsken treng å vernast les vi i avisane for tida. Det er det sannsynlegvis trong for. Årsakane er sikkert samansette når det gjeld kva som påverkar tilbakegangen og diskusjonane vil sikkert gå både heftige og langvarige om det.

Det er sannsynleg at det må setjast i verk mange ulike tiltak i ei slik sak, men vi kan starte med å la vere å gjere noko nytt. Torskeoppdrett er i oppmarsj. Vi veit mykje om kva som skjer når fisk blir tamfisk etter katastrofa for laksen, og det finst ingen ting som tyder på at tamtorskprosjektet kan bli noko betre. Tvert om. Her er det berre å ta til vettet snøggast råd. Torskeoppdrett bør få gå over i historia som noko ein sysla så smått med, men slutta med medan leiken var god (i alle fall nesten). Det bør til og med vere eit lett tiltak å gjennomføre sidan myndigheitene berre kan seie nei.

Men det må gjerast meir også, og der får diskusjonane gå vidare, men ikkje for lenge. Det vil vere klønete å finne ut kva vi skulle ha gjort når det alt er for seint.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal