La Naturen Gå i Arv på Furneset og Åsfjellet

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes

I førre veka advarte Naturvernforbundet i Vestnes mot planane om eit masseuttak på Furneset. Inngrepet sin storleik og konsekvensane av det er særs omfattande på fleirfaldig vis. Nære friluftsområde vert øydelagde. Det vert innverknad på1 / 3 del av Åsfjellet sitt ytre areal Det er snakk om 1600 mål utmark som vert radert vekk eller skadelidande som randsone. Det er ikkje tilfelle at området vert lite nytta som friluftsområde jfr oppslag i Romsdal Budstikke den 3.5. Området er eit flott turområde med dagleg ferdel. Tiltakshavarane legg opp til at det skal verte avskjerma tiltak. Etter 25 år med eit samla uttak på 12 millionar kubikkmeter stein skal området tilbakeførast til natur og friluftsområde i kombinasjon med vidareføring av industriområde.. Verda er ikkje so enkelt laga at ein berre kan ta vekk noko, og so kan det verte nærmast som før 25 år seinare. Skadeverknadene kjem sjølvsagt langt meir til syne i det verkelege landskapet enn på eit lobbymøte eller på eit plankart. Avgrensa tiltak gjeld meir i teorien enn i praksis i slike høve. Avgrensa tiltak er noko ein nyttar reint strategisk for lettare å få planane godkjent.

Forureininga vil kunne nå heilt til Molde by i form av ein bakgrunnsstøy som ikkje høyrer heime i det vanlege lydbiletet over fjorden. Sprengningar og anleggsdrifta vil sørge for det. Var det ikkje naturen vår som skulle gje vekst i turistnæringa? Er dette noko som gagnar Molde by si profilering? Raudlista arter som er benemninga på truga arter samt nasjonale ansvarsarter, held til langs kystlina. Ein steinalderbuplass er og registrert på Furneset. Området mellom Furneset og ut til Fakseneset er noko av det mest urørte me har av kystnatur i kommunen. Ein naturhistorisk flik som gjev eit blikk inn i det opprinnelege kystlandskapet. Området frå Furneset til Faksen er og eit ynda sjøfiskeområde med gode fiskestader frå berga.

Gå på kommunehuset eller leit på planoversikta hjå kommunen på nettet og be om dokumentet: Melding om oppstart av Reguleringsplanarbeid Med Program For Konsekvensutredning – Furnes Masseuttak. Hjelp oss med å få stoppa dette feilgrepet. Underskriftslister mot Furnes masseuttak vert på forsommaren lagt ut i Molde og Vestnes.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar Bernt Gjelsten

Bernt Gjelsten har telefon 97 18 60 58. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen