La Rauma-Ulvåa leve!

Rauma Energi og stortingsrepresentant Oskar J. Grimstad har fått klart svar frå miljøvernminister Erik Solheim. Energibehovet skal ikkje løysast på bekostning av dei edlaste naturverdiane. Miljøvernminister Solheim har gitt eit svært så klart svar på spørsmålet frå Grimstad. Naturverdiane kan ein ikkje bruke til saldering av konstruerte behov i skiftande tider.

Rauma Energi har i ei årrekke sikla etter å auke kraftproduksjonen ved å flytte inntaket til Verma kraftverk inn i Romsdalen landskapsvernområde, det såkalla Storhaugenalternativet. NVE har gitt klar melding fleire gonger om at dette er uaktuelt som følgje av det vernet som er i området. Det er utruleg og utidig at ikkje Rauma Energi har skjønt dette for lenge sidan. Når no ein del politikarar utover Rauma kommune sine grense hiver seg på det same køyret er det på sin plass at dei får klar melding om at det bokstaveleg tala går ei vernegrense.

Mardøla og Alta er monument over tapte slag i alle fall med omsyn til at elvene blei bygde ut, Rauma-Ulvåa over slag som naturvernet vant. Slike monument kan ein ikkje rive ned ustraffa. Kampen om vern av Rauma-Ulvåa er mellom dei store slaga i norsk vassdragshistorie. Mange har lagt ned årevis av arbeid for å få dette vassdraget verna. Ein omkamp no vil utvilsamt få både gamle og unge vassdragsvernarar på banen igjen. Dette kan stortingspolitikarar og andre berre gi seg på – ein slik omkamp vil naturvernet vinne. Vil politikarane likevel gå kampen vil dei skaffe seg for alltid eit minne om grådige og kortsynte politikarar som aldri skjønte at naturen har verdi i seg sjølv og at et finst grenser for kva vi menneske kan rå over.

Naturvernforbundet gleder seg over at miljøvernminister Erik Solheim er klar i sitt svar.

La Rauma-Ulvåa leve!

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen