Laks og tamlaks – innlegg på Norsk laksefestival i Surnadal 19. juni 2009

På fagkonferansen til Norsk laksefestival var fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet invitert til å halde innlegg om oppdrettsnæringa og laksen. Folden innleia med å peike på at det blir feil å snakke om villaks; det rette namnet er laks. Derimot er det viktig at oppdrettslaksen får nemninga tamlaks.

Heile innlegget:

1. Vi talar i dag om laks og tamlaks. Laksen har svømt i norske elvar i svært mange år. At ei næring tar for seg av denne laksen til si eiga bruk og til og med stel artsnamnet slik at nokon finn det nødvendig å kalle laks for villaks er å rekne som eit ran. Dette kan vi ikkje gå med på. Laksen finst i elvane våre. Oppdrettsnæringa har tamlaks, og den må haldast unna der laksen skal leve.

2. Laksen har trugsmål frå alle kantar. Kvart enkelt deltrugsmål treng ikkje vere heilt avgjerande, men summen av dei gjer at laksen er truga. Det er ikkje alle trugsmåla vi kan gjere så mykje med, så difor er det dess viktigare å gjere noko med faktorar som det let seg gjere noko med.

3. Det er ein ting ein kan seie heilt sikkert om oppdrettsnæringa: Det dei gjer trur dei at dei vil tene pengar på.

4. Statleg styring av tamlaksverksemda er prega av eit overordna omsyn, nemleg at denne verksemda skal aukast. Svært mange av problema knytt til denne næringa er knytt meir til samla volum enn til lokalisering. Når forvaltningsorgana har i sin instruks at oppdrett som næring skal aukast er det vanskeleg å ha tillit til at dei same skal ha som overordna omsyn at det biologiske mangfaldet skal takast vare på når dette kolliderer med staten sine økonomiske interesser og mål for næringa.

5. Føre var er eit prinsipp i all miljøpolitikk. Viss ein er usikker på verknaden skal ein ikkje utsette naturen for eksperimentering. I oppdrettsnæringa er Naturvernforbundet si erfaring den at grensene blir tøyd så mykje som oppdrettsnæringa trur dei kjem i land med økonomisk optimalt. Vi såg for relativt kort tid sidan kva som skjedde i Storfjorden på Sunnmøre då ein fekk påvist VHS. Det var store pengar i oppdrettsnæringa og mynde måtte gå til rettslege skritt for å få fjerna fisk som kunne vere sjuk. Det blei frå oppdrettsnæringa reist tvil om ikkje all fisk kunne ha denne smitta, eventuelt at det ikkje gjorde noko at denne smitta fanst. Når anten oppdrettsnæringa eller veterinærstyresmaktene kan ta feil, må ein la føre var-prinsippet vere det avgjerande. Tamlaksinteressene skal vite at dei ikkje hadde hatt noko å avle på om andre hadde vore der før dei og gjort som dei ofte gjer i praksis. I ein annan samanheng kallast det å sage av den greina ein sit på.

6. Gen-blanding mellom tamlaks og laks endrer føresetnadene for laksen si framtid. Etter kvart som ulike laksestammer må gje tapt, blir den naturlege variasjonen i genmaterialet innsnevra. Dette har noko å seie for laksen si overlevingsevne på sikt, og det kan også ha noko å seie for tamlaksen.

7. Viktige laksevassdrag er sikra gjennom vern av fjordsystema utanfor. Områda som er verna er ofte knappe. Men kva hjelper det når oppdrett av andre fiskeslag slepp gjennom? Tamtorsken representerer same problemstilling overfor torsken, og endåtil kan det og vere sjukdom på tamtorsk som kan smitte laks. Eller når oljeverksemda treng fjorden slik som i Bøkfjorden i Finnmark? Politikarane har størst sans for føre var-tanken når det gjeld utsikt til økonmisk vekst og ikkje når det gjeld biologiske omsyn.

8. Utsleppa av næringsemne til sjøen frå tamlaks er ein betydeleg faktor. I Møre og Romsdal var utsleppa for fleire år tilbake frå tamlaksverksemda rekna til 900 000 personekvivalentar. Utsleppa frå landbruk, næringsmiddelindustri og dei som bur her til saman når ikkje opp i det talet. Dei andre næringane driv med tiltak for å redusere sine utslepp. Oppdrettsverksemda har som mål å auke voluma. Den dagen næringstilgangen til sjøen blir eit problem, så er det nok heldigvis opprettsnæringa som blir råka først. Men dette påverkar også andre organisamar i naturen.

9. Tamfisken et meir enn han gir på bordet. Oppfiska kvantum som går til fiskefor er meir enn samla kvantum av tamlaks og oppfiska fisk til konsum til saman i åra 2006 og 2007. For å seie det slik, vi fisker opp ei bøtte fisk, foredlar det seiast det og hiv det på havet så tamlaksen kan ete det. Når tamlaksen kjem på land minkar resultatet slik at bøtta ikkje lenger er full. Slikt kan berre dei gjere som har meir enn nok mat til alle. Ei anna side ved saken er at ein del av den fisken som no blir brukt til tamfiskfor eigentleg skulle ha vore mat for anna fisk og for sjøfugl. Dei fleste fiskebestandane er nedfiska. Det er sjeldan ein høyrer om sunne og gode fiskebestandar som er på sitt optimale. Heller høyrer vi om fiskestamamr som er nedfiska, men kanskje ikkje så alvorleg at dei kollapsar. Å ete av såkornet har i den tida naturen rådde over mennesket gått for å vere ein farleg og dårleg strategi. Når mennesket no rår over naturen er det nokon som trur dei kan lausrive seg frå slike naturlover. Naturen kjem til å ta hemn på same måten som fiskemåka. Når vi slepte ut minken og katten og bygde industribygg i reirområda blei dei opprådde desse fiskemåkene. Men etter kvart kom deg seg til igjen. No bygger dei reira sine på hustaka og kaklar så ein huseigar kan bli tullete, og driter han ned om dei får sjansen til det. Men det er jo ikkje meir enn fortent.

Oppdrettsnæringa har ein lang veg å gå viss dei vil oppnå vår og folket sin tillit.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen