Lakseskatt – godt for kven?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

«Havet er folkets ressurs. Det er rettferdig at oppdrettsnæringa gir folket, altså kommunene, noe tilbake i form av en lakseskatt.» Slik marknadsfører SV sitt forslag om ei avgift som lakseoppdrettarane skal betale til kommunane for å bruke sjøareala, om SV får det som dei vil. Er det ein god ide?

Det kan vere ein god ide at dei som nytter ein ressurs betalar fordi dei får lov til å nytte ressursen. Men då må betalinga gå til «Mor ressurs», så ein kan «pynte opp» dei hola som har blitt når ein har fjerna ressursen, og elles gjere opp fullt ut for ulempa. Volumet på oppdrettsverksemda er på fleire måtar eit problem, og skadeverknaden er det naturen som lir av. Viss oppdrettsnæringa er til skade for ein kommune, så er det som følgje av at naturen har tatt skade av oppdrettsverksemda.

Ein lakseskatt som går til kommune, den reparerer nok ikkje særleg mykje natur, men går i det store sluket. For naturen blir ikkje dette mykje rettferdig.

Kjenner vi kommunane rett, så vil ein slik skatt føre til at motførestillingane mot fiskeoppdrett vil minke dess meir utsiktene til skatteinntekt aukar. Dermed vil løyva til å nytte sjøareala til fiskeoppdrett sitje lausare. I så fall vil kostnadene for naturen auke som følgje av ein slik skatt. Rettferdig for folket? Ein slik lakseskatt er verken rettferdig eller god for naturen, og det bør vere god nok grunn til å finne på noko anna.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal