Langfjordtunnelen: Utgreiingane må ta lengre tid

Naturvernforbundet har fleire kritiske spørsmål til planane om fjordkryssing under Langfjorden (Langfjordtunnelen) mellom Molde og Rauma. – Det tidsskjemaet det blir lagt opp til kan ikkje nyttast, meinar fylkesleiar Øystein Folden.

Statens vegvesen, Molde kommune og Rauma kommune ønskjer å utarbeide planane for Langfjordtunnelen i løpet av hausten og vinteren 2006-2007. – Dette er i utgangspunktet svært knapp tid, og når vi veit at det er mange konsekvensar for dyr og plantar det vil vere uråd å få ei god nok oversikt over på denne tida av året, så seier det seg sjølv at utbyggarane har bomma her, meiner Folden.

Naturvernforbundet nemner spesielt eit område ved Krokset som må undersøkast når det gjeld botanikk. Slike undersøkingar må gjørast før ei konsekvensutgreiing blir godkjent, samstundes som dei må gjørast om sommaren. Det er difor lite realistisk, og dessutan ulovleg, å behandle planane om Langfjordtunnelen før hausten 2007, meiner Naturvernforbundet.

Elles er Naturvernforbundet kritiske til at sambandet truleg vil gi auka forureining og dårlegare vilkår for mjuke trafikantar.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Uttalen frå Naturvernforbundet

Referat frå plansamling om Langfjordtunnelsen i april 2007

Steinar Stueflotten: Registreringer av karplanter og verdifulle naturtyper sommeren 2007

Kvitkurle på Krokset i Møre og Romsdal. Foto: Angela Player