Langøya eller Long Island?

Kva er viktigast – fastbuande og hyttevenner som har strandsone til felles bruk og rekreasjon, eller rikfolk sine moglegheiter til å boltre seg på privat strand når dei ikkje er i Hemsedal eller Trysil?

Økokommunen Tingvoll står no framfor ein test. I kommunen finst det 3000 innbyggarar, og ein god del av dei set umåteleg stor pris på at kommunen har strandsone som folk flest kan bruke. Kommunen har og mange gjester – hyttevenner – som set pris på både å ha hytte og felles strandsone. Står vi no framfor eit omskifte? Vil kommunen bøye kne for millionane og selje ut strandsona til nye føremål som stort sett kan reknast som privatiserande?

Naturvernforbundet i Tingvoll sov dessverre i timen i 2002 då delar av Langøya blei avsett til hytteformål i arealdelsplanen. Hytter på Langøya kan ikkje utan vidare stoppast, men det er ikkje fritt fram for kva som helst. Dei planane som var skissert for 3 år sidan nytta seg av areal inne på øya, no er det strandsona som blir brukt i det nye forslaget til reguleringsplan. Her held utbyggar kommunen for narr, og det kan kommunen godt seie frå om. Naturvernforbundet ber kommunen om å sende forslaget til reguleringsplan i retur til tiltakshavar, med melding om at føresetnadene for å setje av areal til hytter var basert på ei heilt anna haldning til strandsonen.

Sidan det ser ut til å vere vanskeleg for politikarar å seie nei til millionar og arbeidsplassar, er det no heilt vesentleg at politikarane i Tingvoll får klar tilbakemelding om kva veljarane i kommunen tykkjer om den privatiseringa av fellesgode som no kan stå for døra. Planutvalet har møte på tysdag 21. juni, så innan då bør du kontakte din politikar og seie frå om kva du meiner.

Naturvernforbundet i Tingvoll kjem til å følgje denne saka. Vi vil kjempe for at Langøya framleis skal vere tilgjengeleg for folk flest. Ei eventuell utbygging må difor ta omsyn til det. Vi vil elles arbeide for at ei eventuell utbygging får krav om bærekraftige løysingar, mellom anna når det gjeld energibruk og materialval. Men det beste var om det ikkje blir bygd hytter på Langøya.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll