Langøya, klima og paradis

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Debatten går vidare om prosjektet Long Island. Kva skal ein tru og kvar vil det ende? For Naturvernforbundet er det spesielt to spørsmål som er viktige i denne saka.

1. Klimaverknad av tiltaket

Heile føresetnaden er at pengesterke folk skal kome til Langøya. Desse kjem med fly.

Miljøvennlege løysingar på sjølve Langøya med omsyn til energibruk veg ikkje opp for dette.

Kyotoavtala pålegg Noreg å redusere utslepp av klimagassar til 1990-nivå. Dette er berre byrjinga, neste steg må gå lenger. FN seier at innan eit par tiår må vi redusere våre klimagassutslepp med kring 80% om det ikkje skal bli ei klimakatastrofe for heile vår klode.

Ein forretningside bygd på auka flytrafikk og auka utslepp er difor svært kortsiktig og i alle fall ikkje solidarisk med dei som er mest utsett for verknadene av klimaforverringar. Det gjeld både kaffibøndene i Uganda som må finne seg nytt arbeid grunna tørke, folk i Bangladesh som blir sett under vatn og mange andre som får meir ekstremver.

Viss innbyggarane i Tingvoll vil redusere bilbruken sin slik at klimagassutsleppa ikkje aukar med trafikken til Langøya, då får ein drøfte prosjektet vidare. Elles er det berre å legge det bort.

For økokommunen Tingvoll må slike samanhengar vere sjølvsagte, og dette må vere ein viktig del av vurderinga knytt til prosjektet Long Island.

2. Forbruk av naturtypar vi har lite av

Ei anna sida av dette prosjektet er korleis vi bruker areal vi har etter måten lite av. Tingvoll har mykje kyststripe, men det er mange stader kyststripa er privatisert på ulike vis. Ein del kyststripe er dessutan lite tilgjengeleg. Resten utgjer ikkje allverda, og det er mange som vil dele på det som er. Alt tyder på at det ikkje er sjønære hyttetomter og nausttomter til alle som vil ha. Skal berre nokre få tomt? Skal alle få litt tomt kvar? Skal berre dei rike få? Løysinga er heilt klart at ein del slike areal må få ligge der utan bygging, slik at mange kan få høve til å nytte seg av dei. Areal på øyer, sandstrender, tilgjengelege svaberg og strandenger er mellom dei areala som det er viktigast blir liggande utan å byggast ned.

Særpreget ved nyare hyttebygging er at hyttetomta får eit tydeleg preg av opparbeiding. Hytteeigaren bruker nok også svært mykje av tida si i hytta og på platting rett utanfor. Difor er det ingen grunn til å bygge i paradiset. Ved å bygge eit stykke unna paradiset, er det framleis paradis også etter utbygginga, og paradiset kan nyttast av mange fleire enn berre hytteeigarane. Langøya er heilt klart ikkje staden for hyttebygging eller kva ein skal kalle Long Island-prosjektet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet