Leikongsetra – atter ein gong

Terrenget i fjellsida ved Leikongsetra er framleis kystlynghei, og ein turveg vil framleis bli eit stort landskapsinngrep.

Herøy kommune har atter ein gong sendt søknad om tursti oppetter lia ved Leikongsetra på høyring. Gursken idrettslag har sendt ein ny søknad dei meiner er heilt forskjellig frå dei tidlegare. Er det tilfellet?

Breidda på det Naturvernforbundet framleis vil kalle ein turveg er redusert frå 1,5 til 1,2 meter breidde. Inngrepet vil i like stor grad som tidlegare sjå ut som ein linjal i eit terreng som ikkje har rette liner frå før. Grøfteproblemtikken blir den same. Vegen er like bratt. Vegen er like einsformig å gå på. Om lengda blir korta ned 50 meter, så er det i denne samanhengen uvesentleg.

Til forskjell frå tidlegare er det no gjennomført ei naturkartlegging som slår fast at mest heile turvegen vil gå i kystlynghei. Det er ein utvald naturtype, raudlista som EN sterkt truga. Når ein alt har ein sti, bygger ein ikkje ein turveg i kystlynghei.

Samla verknad av turvegar i Herøy finst framleis ikkje, og oversyn over påverking av kystlyngheiene manglar framleis.

Alt det som mangla og var gale då Statsforvaltaren handsama klagesaka sist er der framleis. Herøy kommune kan godkjenne den delen som går langs fylkesvegen. Den delen som gjeld turveg i kystlyngheia må avvisast.

Foto: Åsmund Steen.

Fråsegna frå Naturvernfobundet kan du lese her.