Leikongsetra – trekk søknad om ny turveg

Eit klårt nei til dispensasjon frå Statsforvaltaren frå sist bør vere nok. Spørsmålet om turveg ved Leikongsetra skal ikkje avgjerast ved dispensasjon.

Gurskøy Idrettslag har nok ein gong søkt om å få bygge turveg frå Leikongsetra til Skaret. Den nye søknaden frå desember 2022 skil seg ikkje nemnande frå den som blei avgjort av Statsforvaltaren etter klage.

Naturvernforbundet oppmoder at kommunen avviser denne søknaden som ein søknad som ikkje kan føre fram.

Det går ein tursti i området i dag. Den er meir enn god nok for turfolk flest, og leier inn i eit område som ikkje er tilrettelagd i nokon særleg grad. Det er ein naturkvalitet ein ikkje kan gå i butikken og kjøpe for pengar, så det ein har av dette slaget må ein ta godt vare på.

Brevet frå Naturvernforbundet no, og Statsforvaltaren sitt vedtak i klagesaka, kan du finne nedanfor.

Foto: Åsmund Steen.