Leiting i mørkret

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det var ein gong at Åslaug hadde mista noko. Det var ein svært verdifull ting, så det var om å gjere å leite. Leita gjorde ho, og etter kvart som andre kom til, leita dei også i lag med henne. Men dei fann ingen ting.

Så kom det ein som spurde Åslaug kvar ho trudde ho hadde mista denne tingen sin. Ja, det var under den lyktestolpen, der borte, sa ho og peika. Kvifor leitar de ikkje under den lyktestolpen då? Det er så mørkt der sidan pæra har gått, så vi leiter her kor det er lyst, var svaret.

Det var vel ikkje Åslaug som var hovudperson opphaveleg i denne forteljinga, men det spelar inga rolle. Saka handlar om noko straum det skal vere mangel på i Midt-Noreg. Åslaug leitar, men finn ikkje, og det gjorde ikkje forgjengaren heller, endå han heitte nesten Enøksen. Underleg, for dei leiter ikkje aleine heller. Men så er det vel slik at dei leiter der det ser lysast ut og ikkje der løysinga er å finne.

Naturvernforbundet har også vore ute å leita. Der vi leita såg vi få andre, men vi fann det alle leitar etter. Ulike tiltak innan hushaldningane, næringslivet og industrien kan gjennomførast delvis bedriftsøkonomisk og delvis samfunnsøkonomisk slik at vi har kraft nok. Løysinga er presentert i rapport 6/2007 Kraftsituasjonen i Midt-Norge og kan lastast ned frå /moreogromsdal/

Naturvernforbundet si løysing treng ikkje gasskraftverk, inga kraftline frå Sogn og heller ikkje nemnande med vindturbinar. Det er bruk av biobrensel og sjøvarme i oppvarming, varmepumpeløysingar innan alle sektorar, energieffektivisering knytt til lys og litt meir langsiktig – betre isolasjon av bygningar. Mange av tiltaka kan gjennomførast raskt og treng ikkje konsesjon eller løyve. Det er tale om hyllevare, og det er dessutan lønsemd i å gjere det.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar