Leve saktare – nyte meir

– Vi må leve saktare og nyte meir. Fotavtrykka våre på denne kloden er for store. Dei må reduserast dersom kommande generasjonar også skal få sette sine spor. Slik kan vi sjå våre barnebarn og folk frå Uganda i augo. Ei slik haldning må få konsekvenser også for reiselivet, sa Øystein Folden på ein reiselivskonferanse på Åndalsnes tysdag.

Konferansen ”Kultur, Natur og Reiseliv i Møre og Romsdal” hadde geoturisme som hovudtema. Leiar Øystein Folden frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal var ein av innleiarane. Her er innlegget hans:

Kva slags reiseliv får vi når vi legg naturvern til grunn for det reiselivet vi vil ha?

Problemstillingar:

– Reiseliv står for 10 % av klimagassutsleppa i Frankrike.

– Når sal av naturoppleving blir sal av natur

– Cruiseskip i kvilemodus treng 30 000 kilowatt, like mykje i timen som ein einebustad treng i halvanna år.

– Når naturoppleving fører til at Tuvalu synk i havet som følgje av klimagassutslepp

Raskt reiseliv og nyting for … ?

Alternativ der det kjem båtlastar innom ein kort augneblink, handlar kjøpeminne made in China, selde av sommarhjelper frå Austlandet og Sverige i butikkar eigde av utanbygds folk – er det det som er så bra? Så drar dei sin veg og slepp ut like mykje CO2 på ei veke som 5 menneske frå Uganda slepp ut på eit heilt liv.

Reiseliv der sjela er med samtidig med turisten

Ei verd utan reiseliv er ein heilt umogleg tanke. Løysinga ligg i å finne fram til ein type reiseliv som er snillare mot natur, ressursar og klima.

Reise mindre og på ein meir miljøvennleg måte er det viktigaste målet. Fly og hurtigbåt er verstingar, og ein del andre transportmiddel bør og skiftast ut til fordel for tog og buss.

Kanskje vi kan kome tilbake til at reise i seg sjølv er ein del av opplevinga og ikkje berre ei transportetappe?

Den andre delen av dette er å legge opp til meir langvarige opplevingar i staden for mange korte.

Då må vi legge om fokuset litt, frå å telje talet på land ein har vore i må ein telje kor mange gode opplevingar ein har fått. Det må vere viktigare å ha samla gode inntrykk enn å samle mange inntrykk.

Frå ein næringsvinkel kan det vere det same om 1000 turistar legg att 100 kroner eller at 100 turistar legg att 1000 kroner. Truleg er det mindre investeringar og større evne til omstilling med det siste alternativet, og då vil det vere meir robust.

Norske fjordar er vår naturgitte spesialitet. Busetnad og virke i ”Uren-Luren” er det eksotiske.

Det er naturstridig at ”Uren-Luren” blir utsett for masseturisme. Blir det bygd veg til ”Uren-Luren” så er produktet borte. Sparar ein seg vegutgifta og heller overtyder turistane at dei må betale tusenlappen for sjølve å måtte gå opp stigen og stegane, då har ein eit enklare reiselivsprodukt der det vil vere råd å vedlikehalde dei opphavelege verdiane i staden. Det bør vere fullt mogleg å finne fram til turistar som betaler kr 10 000 for ei veke ein slik stad viss dei får lov til å lære om det livet som er mogleg på slike stader og sjølve gjere ein del av gjeremåla. For turisten er dette å vere ein del av historia og kulturen. For grunneigaren er dette eit levebrød og samtidig vedlikehald av kulturlandskapet og handverkhistoria. Når bonden kan ha ei arbeidsløn på fleire tusen kroner for dagen for dette, då kan det til og med løne seg. Men snarvegar går ikkje. Turisten betalar for å lære korleis lauvkniven skal nyttast, men kjem ein med ein motorisert krattryddar – då er reiselivsproduktet vekk.

Kvar er verdiane?

Ei gamal seterbu der ein må gå ein time for å kome dit – det er noko spesielt

Ei stor hytte på ein setervoll der ein kan køyre til døra – i høgda eit middelmådig hotell.

Svanemadrass eller halmmadrass? Halmmadrassen treng ikkje vere det som er best å ligge på, men kva madrass kjem turisten til å snakke med sine venner om når han kjem heim?

Kort og brei seng med diagonalsoving, eller standardmål? Diagonalsovinga vil heilt sikkert gjere inntrykk. Kanskje kan ein av og til stappe fleire under fellen samtidig og meir enn doble opplevinga.

Spasertur langs ein grusveg i fjellet, eller ein tur i terrenget for å bære ut saltstein? Det eine er arbeid, det andre kan vere ei oppleving.

Spikke fiskestang, spa marken sjølv og fiske med dupp, eller bruke dyrt og ferdiglaga utstyr.

Kva gir størst oppleving? Spelar det noka rolle om det blir fisk eller kor stor fisken er?

Ut å sjå til sauen. Ein turist treng ikkje sjå jerv, men å vite at jerven finst i området, og at det å sjå til sauen har ein funksjon så jerven ikkje et opp sauen er ei stor naturoppleving.

Vedlikehald av skigardar, seterhus og anna kan ein bruke på same måten. Det er grunnlag for aktivitet og opplevingar.

2 kyr på setervollen, nok til at ein kan få ein prøvesmak av klassiske produkt. Kvifor drive så stort at ein ikkje rekk noko anna. Med få dyr kan ein og vise bort meir av arbeidet til turistane.

Når skumringa kjem er det tid for blåtime og dei gode historiene.

Med eit opplegg med 5 turistar i pensjon på vekesopphald til kr 2000 pr person/døgn, kan det vere tale om ei bruttoinntekt på 400 000 viss ein kan køyre 8 rundar/veker. I tillegg vil det vel kunne løyse ut ein del tilskot. Viss ein sit att med det halve i netto, og i tillegg får så mykje god hjelp til å halde kulturlandskap vedlike og passe på dyra, må dette kunne vere interessant som turistverksemd i distrikta.

Om vinteren kan ein gjere noko tilsvarande. For dei som framleis har slikt igjen så er område med berre naturleg lyd ein kvalitet som har stort potensiale. Men det er ein kvalitet som fort blir øydelagd om ein ikkje tar produktet på alvor. Går det an å tenkje seg at ein kan selje stille opplevingar i norsk vinternatur? Klart det er mogleg. Men ikkje til mange om gangen.

Snarvegar nytter heller ikkje. Ein snøscooter eller ei motorsag vil vere nok til å øydelegge heile produktet. Ruteflytrafikken vil setje ein del avgrensingar, og omsynet til dyreliv, då særleg villrein er viktig. På dette området har vi ei stor utfordring – å finne område som er garantert stille. Det går nemleg an å søkje om å få køyre til eit prosjekt, men det er uråd å søke om at det ikkje blir køyrt. Skal ein unngå det på garantert vis må ein eige halve vidda og bruke grunneigarretten til å nekte køyring.

Når reisene blir færre vil det og vere meir å sjå fram til. Den som kan glede seg over lite har mykje å glede seg over, heiter det. Vi har alt, og det er alt vi har, seier vi no.

Masseturisme verken kan eller skal dette vere. Vårt fotavtrykk på denne kloden er såpass stort at vi må venne oss til å ta litt mindre plass og bruke litt mindre ressursar. Vi må leve litt saktare og nyte litt meir. Det er all grunn til å tru at det vil vere bra for oss, i tillegg til at vi kan sjå våre barnebarn og folk frå Uganda i auga og seie til dei: Nyt livet de også – det er nok til oss alle.

Kontakt Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Foredraget til Øystein Folden