Liafossen i Sakselia – ein naturskatt politikarane i Vestnes bør forstå

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

I Vestnes kommune har det spesielt det siste tiåret vore ei lang rekke utbyggingar og etableringar av industrifelt som ikkje har tatt særleg hensyn til grønne lunger i sentrumsnære strøk eller til friluftslivsbruk og biologisk mangfald i bygdelaga i kommunen. Den som har levd ei tid i Vestnes har nok sett dette, men svært få prøvar å styre samfunnsutviklinga lokalt inn i ei bærekraftig og trivselretta form. For kommunen er det alltid samfunnsøkonomiske hensyn å ta, og for den private grunneigar eller næringsutviklar handlar det om personøkonomi. Alt dette er heilt legitimt og for den del fullt forståeleg. Men er det alltid rett å tenke slik, og kan ikkje ein lokalpolitikar våge å bryte ned partipisken i ein del saker? Liafossen kan vere eit godt døme på ei sak som omhandlar både trivsel, småskalaturisme, friluftsliv og landskapsestetikk i tilegg til å ta vare på dei bærande elementa i kulturlandskapet som og er eit yrande leveområde for artar.

Kva er livskvalitet på bygda?

Ein kan ikkje leve av å sjå tyttebæra vekse eller av å studere eit fossefall? Eller kan ein faktisk leve enno betre visst ein nettopp lar livet få lov til å innehalde tyttebærlyng og fossefall? Alle er tent med noko estetisk vakkert i nærområdet av der ein bur, og fleirtalet finn det nok meir behageleg å sjå på Liafossen som kastar seg kvitskummande ned elvegjelet enn annleggsvegar, røyrgater og forringa landskapsdimensjonar. I tilegg er det jo slik att bak ord som biologisk mangfald eller naturmangfald og økologi gøymer det seg fuglar, pattedyr og planteliv som har ein rett til å leve.

Eksisterar det borgarleg naturvernengasjement hjå politikarar i Vestnes?

Etter kva Naturvernforbundet i Vestnes veit så eig Vestnes Vassverk fallrettane til Liafossen. Medan grunneigarar i Sesskraft vil bygge ut Sesselva og Hoemselva med Liafossen.

Med andre ord så er kommunen sentral i dei bakenforliggande mekanismene sjølv om Sesskraft er privateigd. Det kunne ha vore interessant å sjå om nokre av dei politiske partia i kommunen såg verdien av å la denne vakre fossen frå tidas eigen morgon få vere i fred?

Som naturvernar, innbyggar og skattebetalar i Vestnes vil eg og mange med meg ha noko att frå politiske parti og kommunestyremedlemmar i form av litt forståing for andre verdiar enn berre pengeverdiar. Uansett kor sårt tiltrengt pengar er i ei kommunekasse. Dette kan difor vere ei passande anledning til å utfordre dei politiske partia og gruppene deira i Vestnes kommune angåande Liafossen. Finnes det politisk forståing for at fossen har eitt fleirfaldig verdigrunnlag? Parti som Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti har nasjonalt miljø og natursyn som ein naturvernar og friluftsbrukar kan kjenne seg att i, men har desse partia det i Vestnes? La oss få sjå borgarleg klassisk naturvernengasjement i Vestnes kommune no i tida før valet. Det har me vel knapt sett før.

Naturvernforbundet i Vestnes

Bernt Gjelsten