Liafossen på Daugstad treng di støtte – lokalpolitikarane er for fastlåste i industriutvinning

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes

Naturvernforbundet i Vestnes i samarbeid med andre organisasjonar arbeider for å hindre ei utbygging av Sesselva, Hoemselva og Sakselidfossen (Liafossen) på Daugstad i Vestnes kommune. Me har gjennom heile året hatt fokus på att samfunnet må ta seg råd til å ta vare på den einaste større naturattraksjonen som er att i Vestnes kommune. Fleire politikarar i kommunen seier att det berre er å bygge ut. Det vitnar om lite forståing for andre fleirfaldige verdiar enn kun dei økonomisk baserte. Ein grunneigar kan kanskje tenke slik, men ein lokalpolitikar er forplikta til å tenke på innbyggarane sitt beste.

Det vert stadig vekk lagt møteverksemd med påfølgande planar om att Vestnes skal vere ein turistkommune. Der må me dessverre seie att kommunen ligg fleire lysår bak både Molde og Rauma. Ved å fjerne noko av det finaste innhaldet i kultur og naturlandskapet me har i kommunen, blir det nok ikkje fleire turistar som stoppar opp enn i dag. Så var det dette som går på dyreliv og fugleliv i slike område. Det er det få politikarar som tenker på. Men dei er der ved fossen, i elvestraumen og i terrenget i Sakselia både fuglane og dyra. Kvar skulle dei ellers vere? Ein kan ikkje berre bygge ut og bygge ut alt ein ynskjer heile tida. Her har Vestnes kommune forregna seg i årevis. Det minner om ein struts som stikk skallen vekk for å gøyme seg for realiteten. Kanskje kan strutsen sin strategi fungere, men politisk vert det jo berre ansvarsfråskrivande tull å ikkje ha langsiktig forståing av kva ein vil eller ikkje vil med arealbruk. Eit perspektiv på fire år er ingenting å planlegge etter. Kor gammalt er ikkje landskapet og bruksarva av dette til samanlikning?

Er det trivsel for oss som lever her å sjå sprengte fjellkammar og nyetablerte industrifelt overalt? Høghus i sentrum utan estetisk tilpasning til kvarandre? Kva med nære og grønne rekreasjonsområde for befolkninga? Dyra og fuglane kan heller ikkje flytte til eit anna område. Det er lite naturfagleg vekting i dagens samfunn tydelegvis, for slikt høyrer ein gjentatte gonger. Naturvernforbundet i Vestnes skulle gjerne ha satt majoriteten av lokalpolitikarane på nokre kurskveldar i elementær forståing av økologi, viltet sine levekrav, byggeskikk og estetisk forståing av livskvalitet. Innbyggarane sin trivsel vert ikkje større av å fjerne meiningsinnhald frå dei. Den vert større visst politikarane tenker på att natur og friluftsopplevingar utviklar mennesket ferdigheitsmessig, og fremmar folkehelse og gode opplevingar i samme slengen.

Du som naturinteressert innbyggar og organisasjonsmenneske i Vestnes og i nabokommunane kan faktisk gjere noko for å ta vare på denne vakre og tidlause fossen. Du kan protestere på ei utbygging. Ver ikkje feig. Bygdedyret sluker deg ikkje. Smaker berre litt på deg. Fleirtalet me snakkar med vil ikkje ha denne utbygginga, så bidra til å stopp den da. Gå på servicekontoret og be om å få lese Sesskraft sin reguleringsplan eller gå inn på NVE sine heimesider og sjå sakspapira der. Det viktigaste du som naturinteressert kan gjere er å skrive nokre ord til nve@nve.no innan 23. august 2013 om att du ikkje ynskjer ei slik utbygging. Nokre ord i lokalpressa kan og vere verdefullt.

Naturvernforbundet i Vestnes

Bernt Gjelsten