Liafossen som energikjelde eller naturperle og turistattraksjon?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Naturvernforbundet i Vestnes er gjort kjent med at selskapet Sesskraft på Daugstad ynskjer å utnytte vasskraftpotensiale til å bygge ut småkraftverk i Sesselva. Saka ligg inne hjå NVE til nærmare utgreiing. Saka er ikkje ute på høyring enno, men utan å ha sett sakspaira tek Naturvernlaget det for sannsynleg at ein ynskjer å utnytte fallhøgda til Liafossen i samband med ei utbygging. Liafossen på Sakselia er ein av to fossar i kommunen som har ein stor landskapsestetisk verdi. Den andre fossen ein legg godt merke til i vårløysinga er Sprovsfossen i Tverrelva på Sprov i Skorgedalen. Desse to markante fossefalla har det til felles at dei er synlege som betydelege landskapselement i periodar når det kjem mykje nedbør. Medan Sprovsfossen kan nytast når ein er i Skorgedalen er Liafossen synleg frå Brastadstranda til Helset langs heile fjordarma innover Tresfjorden. Med sitt frie fall på 36 høgdemeter er dette den mest markante fossen i Vestnesregionen som kan seiast å vere eit fint turmål for lokalbefolkninga og høgverdig natur ein kan vise fram til gjestar som ein fin turistattraksjon.

Liafossen sitt nærområde omfattar mykje tidlause verdiar. Det er få stader i kommunen med like høg referanseverdi på biologisk mangfald i form av skjøtta natureng, eit relativt intakt fjellseterlandskap på Hoemssetra, og ein flott fjelltind som Hoemstinden innanfor same område. Sakselia og utmarka på Hoem innover mot Måndalen har status som verdefull både når det gjeld kulturminnevern og biologisk mangfald. Naturvernforbundet i Vestnes ynskjer at Liafossen skal få renne slik den sidan isen trakk seg attende har rent ned det særprega gjelet. Den er det landskapsestetiske limet i eit sjeldant fint naturområde. 

Naturvernlaget hadde ikkje innsigelse mot småkraftutbygging i Misfjordelva. Liafossen vert noko anna. Referanseverdien er vesentleg høgare. I Misfjorden hadde det vore kraftverk og klekkeridrift tidlegare. Grunneigarane leigde og inn biologar på eige initativ. Det kan vere malen andre utbyggarar i høve til elvekraft kan legge seg etter? På Daugstad er vasstrengen lite berørt med unntak frå Storhølen til osen av elva. For Naturvernlaget hadde det vore eit ynskje at ein såg på vassressursane i kommunen på ein fleirfaldig måte. Energiverdiane er ein del av ei større verdiskala knytta til slike naturelement som liafossen, men berre ein del av samla verdigrunnlag. Det som kan ha begrensa og akseptabel skadeverknad ved ei småkraftutbygging på ein lokalitet kan vere øydeleggande ein anna stad. Liafossen i vårflaumen bør folk med glede over å sjå utemma natur få oppleve. Ei siklande vassåre kan aldri erstatte den naturlege krafta og villskapen i ein slik foss.