Liafossen som tidlaus formidlar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Fossar, fjordar og høgreiste fjell var og er ein stor del av vår identitet. For det tidlege reiselivet samt for den noverande turisma er framleis naturområda våre med tilhøyrande kulturlandskap og naturelement den viktigaste årsaka bak drivkrafta til den besøkande turisten. Det er slike ting turistane nemner når dei vert spurd om grunnane til at dei velgjer å feriere her i landet. I Vestnes kommune nemner turistar Liafossen med jamne mellomrom når ein pratar med dei. Dette gjeld både norske besøkande og utlendingar. Etterkvart kan det verke som at ein del ”innfødte” i Vestnes kommune og har fått augene opp for denne fine fossen ved Sakselia på Daugstad. Men langt fleire lokale burde oppleve fossen.

I nedbørsrike periodar og i vårløysinga er fossen godt synleg når ein ferdast innover Tresfjorden. Liafossen eller Sakselidfossen som han meir formelt vart kalla av Ivar Brovold formidlar seg sjølv på ein eineståande måte til den besøkande. Vil ein stå på avstand og sjå han er det mogleg, og for nokre kan det vere ei stor oppleving å gå på steinane rett ved fallet. Har ein med seg sikring i form av tau og ein turkamerat kan det og vere råd å klatre opp eller ned gjelet rett ved fossen. Men same kva ein gjer der ved fossen så formidlar den seg sjølv i heilt upåverka grad av kva mennesket måtte vurdere den som. Ein slik foss eig noko utemma og vilt i seg som vårt moderne samfunn basert på lettvinte løysingar og høgteknologi ikkje har særleg god kompetanse på. Det tidlause og kraftfulle som me ikkje har styringa på bør vere ein stor verdi i seg sjølv og ei sunn motvekt mot at me skal vere herskarar over alt?

Liafossen har rent ned elvegjelet sidan lenge før mennesket lot det første treet hogge eller satte plogskjær i Sakselia. Når fossen renn stor kan ein høyre drønnet frå han over heile Sakselia. På større avstand kan ein sjå han renne frå Vestnes til Vikebukt. Det er ikkje så mange stader ein kan sjå fossefallet nærast henge over landskapet over såpass store avstandar som i dette tilfellet. Naturvernforbundet i Vestnes vil at Liafossen skal framstå utvungen i framtida. Han har høgare referanseverdi og er vakrare slik han er no enn om han vert ein turbinslave tiltenkt økonomienergien. Naturvernforbundet kjem til å arbeide i lag med samarbeidspartnarar for at Liafossen skal få renne slik den har rent.