Lita forståing for møkkabonden?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I Tidens Krav sto det nyleg ein artikkel om bonden sitt møkkaproblem. Årsakene til problemet er samansett, men summen er greitt oppsummert: ”Vi bare må få tømt møkkakjelleren” blir det sagt i artikkelen. Bonden i Gjemnes er ikkje aleine om dette.

Her finst vel fleire partar i denne saka. Møkkakjellaren har gjennom bonden fått sagt frå om problemet sitt. Kva seier elver, bekkar og vatn om saka når husdyrgjødsla er hamna der, meir eller mindre uforvarande? Er det nokon som har høyrt noko?

Naturvernforbundet veit ikkje alt om kva vatna og vassdraga seier. Men frå tid til annan finn ein ut at elver og bekkar der det før var fisk ikkje lenger har fisk. Elvemusling i slike vassdrag får ikkje lenger til å formeire seg sidan dei har eit samarbeid med fisken i det spørsmålet. Vatn blir til grøn suppe, som Bergemsvatnet i Tingvoll. Småvatn gror igjen til myr, ein naturleg prosess, bortsett frå at det kan sjå ut til å gå mykje fortare enn normalt. Ting skjer, årsakene er mange og jordbruket er truleg ein del av dette.

Vi veit ikkje alt, men vi kan sjå at det kan bli gale. Vi veit dessutan at når det har gått gale, då er det vanskeleg å rette opp skaden.

Etter hausten vi har hatt og dei mange dispensasjonane for å spreie husdyrgjødsel, kan det vere grunn til å tru at vatn og vassdrag får tilført nitrogen og fosfor i større mengde. Korleis vil det gå? Får vi nye Bergemsvatn også andre stader?

Naturvernforbundet kan ikkje sitje stille og berre godta at den moderne bonden har det travelt og må få spreie husdyrgjødsla si. Denne verksemda må skje innanfor det naturen tåler. Då må nokon skjerpe seg. Det gjeld både i form av gjødselplanlegging, dispensasjonspraksis og krav knytt til dette og overvaking av vassdrag. Det siste er viktig, men vi kan ikkje innrette oss slik at vi pøser på med husdyrgjødsel til vi kan måle at no går det gale. Vi må lære av fortida slik at føre var-prinsippet også kan få gjelde på dette området.

Landbruksnæringa er avhengig av å selje produkta sine. Forbrukarane vil ha varer som er laga på ein skikkeleg måte. Eit landbruk som ikkje tar forureiningsproblematikken på alvor vil miste marknadsposisjonar. Det er ingen tent med.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet