Lita tue – stort lass

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Pål Kristoffersen har nokre refleksjonar om tal i samband med klimaet. Sidan den menneskeskapte delen er så liten så kan det umogleg vere så farleg. Er det rett at sidan det er så lite så er det ikkje så farleg?

Dei som driv høgdehopp veit noko om små skilnader. Dei tar fart eit titals meter fram til satspunktet. Viss det er 10 cm for nær lista blir det fiasko. Fiasko blir det sjølv om dei berre hoppar ein millimeter lågare enn det som skal til.

Dei som driv firma veit også at ein liten promille mindre i inntekt enn utgift ikkje går i lengda. Dei kan halde det gåande ei stund, men til slutt er dei konkurs.

Berre eit lite hol i ein sykkelslange får ein heilt annan verknad enn ein sykkelslange utan hol.

Eller kva skal ein seie til eit glas vatn med berre ein halv promille med arsenikk i?

I ein del samanhengar finst det ei grense mellom kva som akkurat går bra og kva som akkurat ikkje går bra. Passerer ein den grensa med aldri så lite har resultatet gått frå å vere velluka til å bli fiasko.

Spørsmålet er så om våre klimagassutslepp har nådd ei slik grense. Viss svaret er at vi slepp ut akkurat litt meir enn det som går bra, har vi eit problem. Om ikkje Pål Kristoffersen trur det, treng ikkje vi andre gjere som han. FN sitt klimapanel har i alle fall arbeidd mykje med spørsmålet og kan vere vel så tillitsvekkande som Pål Kristoffersen i denne saka. Kva vi så gjer er jo sjølvsagt eit ubehageleg spørsmål, sidan det har verknad for vår kvardag når det skal gjerast noko i praksis.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen