Liten mose stopper kraftutbygging?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Gryta kraftverk i Rindal kan det godt hende det ikkje blir noko av. Då kan dei framleis sjå vilt vatn frå Rindal sentrum. Men det var ein liten mose som var avgjerande. Og litt teft frå nokon i Naturvernforbundet.

Sommaren 2005 var Skogeierforeninga Nord på tur i området for å skrive ein biologisk mangfoldrapport. Denne blei på heile 4 sider. Førstesida viste kven som skreiv rapporten, sistesida var eit illustrativt kart. Det står skrive ca. 20 liner om vanlege artar som blei funne ein haustdag i 2005. Sikkert ein fin dag i skogen for registrator.

Naturvernforbundet fekk høyre at det skal vere kalk i området, og plantelista sa ingenting om det. Ein telefon til ein biolog som kjente området ein del stadfesta dette og meir til. Anten var mykje oversett, eller så var det store kunnskapshol i biologien hos registrator. Dette sa Naturvernforbundet noko om i fråsegna si, og kravde nye undersøkingar. Verken Rindal kommune eller fylket var inne på den tanken.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) høyrde ikkje på det øyret, og gjev konsesjon eit halvår etterpå. Det vedtaket klaga Naturvernforbundet på. Dessutan gjorde Naturvernforbundet noko så uvanleg som å gje i oppdrag til ein biolog å undersøkje staden nærare. Utbyggar avviste at det var kalk i området, og NVE fann ingen grunn til ytterlegare undersøkingar eller til å gjere om vedtaket, så no ligg saka i Olje- og energidepartementet (OED).

I OED ligg også den nye rapporten frå Geir Gaarder. Bekkekløfta viser seg å vere mellom dei mest interessante bekkekløftene i heile Møre og Romsdal. Floraen gjev klart preg av kalkinnslag i grunnen. Sjølv seint i november blei det funne til saman 4 raudlista moseartar, nokre soppartar er til bestemming og potensialet er stort for å finne meir.

OED har vel ikkje anna å gjere enn å gjere om vedtaket til NVE. Det er i grunnen litt synd for utbyggar at han ikkje brukte ein betre biolog til undersøkinga i 2005. Då ville han ha visst at det var så store biologiske verdiar at utbygging ikkje blei aktuelt. Kva kostnader utbyggar har hatt etter hausten 2005? Truleg eit sekssifra beløp.

Så er vel Naturvernforbundet nødvendig likevel, i alle fall viss det biologiske mangfaldet i bekkekløftene skal vere like stort i framtida. Meir om denne saka kan du finne på nettsida /cgi-bin/naturvern/imaker?id=97590.