Litt betring frå Høyre?

Sunndal Høyre ved Else Britt Sund oppsummerer vår energidebatt. Energidebatten er nok ikkje slutt, sjølv om dette ordskiftet kan avrundast.

Naturvernforbundet seier at vekslande eksport og import er tenleg for miljøet. Det gjer at vi får nok straum, med ein innsats av natur og fossilt brensel som ikkje er urimeleg stort. Dessutan oppnår ein å få fleire kilowatt ut av kvar oljedråpe enn om denne kraftutvekslinga ikkje finn stad. Skal vi vere heilt sjølvforsynte til ei kvar tid, må det byggast ut mykje, og det er vi ikkje tente med. Særleg når det dreier seg om kraft som ikkje er fornybar, og som endå til forureinar.

Importen i 2004 var stor, straumrekneskapen for det året vil ikkje Sund seie den fulle sanninga om, i og med at vi dette året gjenoppbygde vassreservane. Årsaka til det heile, den uvetige krafteksporten to år tidlegare, då høgrepolitikken vart sett ut i livet og kraftselskapa tenkte på pengepungen og ikkje langsiktig for folket sitt behov er det altså Naturvernforbundet som må opplyse om.

Naturvernforbundet ser lyspunkt frå Sunndal Høyre. Denne gongen er det i alle fall nemnt at bioenergi finst og kan brukast til noko. Potensialet på det området er i alle fall meir enn det som kan produserast av eit gasskraftverk på Tjeldbergodden, sjølv om ikkje all bioenergien kan nyttast i Møre og Romsdal. Det er trass alt bygd kraftliner inn til Møre og Romsdal, og noko bør dei vel brukast til dei og, framfor å bygge ei ny stor line til Tjeldbergodden for å hente gasskrafta.

Det må og noterast som lyspunkt at CO2-handtering no er nemnt. Sjølv om Naturvernforbundet har trøbbel med bruk av gass i det heile fordi det er ein ufornybar ressurs, er det i det minste vesentleg at CO2-utsleppa blir fjerna frå den gassen som blir brukt. Men det blir ikkje noko av det før Høgre stiller krav om reinsing – å tale om moglegheiter blir det lite av.

Naturvernforbundet utfordrar gjerne Sunndal Høyre til praktisk handling når det gjeld energi i fylket. Fylkesplana står på sakskartet i midten av månaden, og der er det tale om både gass og biobrensel. Viss Høgre først skal røyste for gasskraftverk, ser vi det som sjølvsagt at de og røyster for tilleggsframlegget om at det skal vere vilkår om CO2-reinsing. Ved same høve kan de setje fart i bruk av biobrensel til oppvarming av bygg som fylket sjølv eig og brukar.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal