Liv og lære

Innspel til Tidens Krav.

De har på leiarplass i dag følgjande med tittel “Liv og lære”:   “Lars Haltbrekken og Norges miljøvernforbund har vært blant de ivrigste forkjemperne for å begrense, eller aller helst legge ned oljevirksomheten på norsk sokkel. Men i mellomtiden er det jo greit å tjene penger på oljebransjen ved å leie ut “Miljødronningen” som hotellskip i Kristiansund…”   Eg vil gjere merksam på at Lars Haltbrekken er leiar for Norges Naturvernforbund som altså ikkje er det same som Norges miljøvernforbund, leia av Kurt Oddekalv som har med Miljødronninga å gjere.   Denne typen meining kan vere på sin plass, men då er det greitt at de ikkje retter bakar for smed. Dette bør de rette opp, gjerne med ein tilvisar på framsida slik som med denne leiaren.     Med helsing     Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal