Livet i fjorden : temamøte i Grønt forum
Mange er opptekne av kva som skjer med livet i fjordane våre. I Oslofjorden er torsken borte, og bestandane av torsk i fjordane våre ser ut til å vere sterkt redusert. Bestandane av dei aller fleste sjøfuglane våre er dramatisk redusert dei siste 40 åra. Lokalt ser vi konfliktar mellom lokalbefolkning og yrkesfiskarar, og store protestar mot nye havbrukskonsesjonar.Grendalaga i Austefjorden og Dalsfjorden har ma bede om forbod mot lysfiske og djupe nøter fordi dei meiner lokale sildestammar vert utrydda, og også i Hjørundfjorden er ein urolege for følgjene.
Livet i fjordane er i endring, men kva er grunnen? Og kva kan ein gjere for å ta vare på dette viktige ressursgrunnlaget? Volda kommune er med på eit prosjekt som skal lage eit kunnskapsgrunnlag for at forvaltningsmyndigheitene kan få oversikt over problemstillinga, og setje inn reguleringstiltak dersom dette viser seg å vere naudsynt.
Naturvernforbundet lokalt har engasjert seg sterkt i dette, ikkje minst miljøproblema knytt til havbruk. No inviterer dei til ope møte om temaet.
-Møtet går inn som ein del av vårprogrammet til Grønt forum, ein arena for opplysning og fritt ordskifte om klima-og miljøspørsmål, seier styremedlem i Naturvernforbundet i Volda og Ørsta, Trude Nordal.
Som innleiar har ein invitert havforskar Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter; ein av dei som kan mykje om dette. I samarbeid med ma Havforskingsinstituttet har senteret vore aktivt med i arbeidet med marine grunnkart for kommunane på Søre Sunnmøre. Desse skal gje betre kunnskap både om geologien og det som veks og lever i sjøen.
Målet er både å få meir kunnskap om fisken som lever i fjordane, og også kva som trugar det biologiske mangfaldet. På den måten kan ein få ei meir kunnskapsbasert forvaltning av ressursane langs kysten, og redusere nokre av konfliktane
(Sjå FB-lysinga på heimesida til Aasentunet )