Livet i slåttemarka

Blomsterenger – kven har glede av dei? Det er behov for mykje meir kunnskap om korleis blomsterenger, eller nærare bestemt den utvalde naturtypen slåttemark, påverkar artar i slike område, og sjølv blir påverka.

Blomstereng er fint å sjå på. Er det andre enn oss menneske som liker fint skjøtta slåtteeng? Vi veit frå før at det er ein del spesialiserte blomar og sopp på slike stader. No veit vi at det er mange insekt som vil vere i blomsterenga også, etter at dette blei nærare undersøkt i Tingvoll sommaren 2021.

Steffen Adler var fagleg ansvarleg for denne undersøkinga, og Øystein Folden var medhjelpar. Notatet er eit resultat av fleire hundre timar med arbeid.

Kartleggingsprosjektet blei støtta av Sabima og Naturvernforbundet i Tingvoll.