Ljåslått i Romsdalen

I Vermedalen i Rauma arrangerer Naturvernforbundet slåttedagar i august.

Det finst mange gode grunnar til å bruke ein dag eller tre i fjellet i Vermedalen øvst i Romsdalen. 15. – 17. august er det slåttedagar på ein av setervollane. Der kan ein lære seg å slå med ljå viss ein ikkje kan det frå før. Der treff ein andre som ein aldri ville ha blitt kjent med om ein ikkje er med på slåttedagane.

Ein kan vere med heile helga, frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag, eller ein kan vere med berre laurdagen.

Dei som deltar må ordne reise sjølv, men mat og opphald blir dekt av Naturvernforbundet. Det går to kurs i ljåslått i løpet av helga, som dagskurs og helgekurs. Kurset går på reiskapsbruk, slåttekultur og biologi.

Overnatting omtrent som på DNT-vis, med felles måltid. Reiskap får ein låne. Det er avgrensa med plass.

Påmelding innan 3. august* til Øystein Folden, 91812542 eller moreogromsdal@naturvernforbundet.no

*Påmelding er framleis mogleg, men det er fint om de tar kontakt så fort som mogleg.