Ljåslått i Romsdalen

I Vermedalen i Rauma arrangerer Naturvernforbundet slåttedagar i august.

Det blir slåttedagar også i år, 14. til 16. august 2026. Denne gongen blir det to arrangement.

Frå fredag til søndag er det slåttonn på Stavemsstølen.

Laurdag er det slåttedag med eit program saman med Rauma historielag

Det finst mange gode grunnar til å bruke ein dag eller tre i fjellet i Vermedalen øvst i Romsdalen. Der kan ein lære seg å slå med ljå viss ein ikkje kan det frå før. Der treff ein andre som ein aldri ville ha blitt kjent med om ein ikkje er med på slåttedagane.

Ein kan vere med heile helga, frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag, eller ein kan vere med berre laurdagen.

Dei som deltar må ordne reise sjølv, men mat og opphald blir dekt av Naturvernforbundet. Dei som er med heile helga kan få dette godkjent som kurs i slåtteskjøtsel. Kurset går på reiskapsbruk, slåttekultur og biologi.

Overnatting omtrent som på DNT-vis, med felles måltid. Reiskap får ein låne. Det er avgrensa med plass.

Ta kontakt for meir informasjon. Påmelding innan 5. august til Øystein Folden, 91812542 eller moreogromsdal@naturvernforbundet.no