Lotterispel med laksen i Romsdalsfjorden?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Rauma.

Naturvernforbundet har fått høyre at eit firma som heiter PGS skal drive testing av seismikk i Romsdalsfjorden.

Fjordsystema i området er alt utsett for ei rad påverknader som skapar vanskar for mellom anna laksen og anna biologisk mangfald. Ytterlegare fare for negative påverknader er difor eit sjansespel som ikkje må kome på tale. Skal det drivast forsøksverksemd må dette i det minste skje i område utan ei rad andre negative påverknader. Ein nasjonal laksefjord der Noreg har tatt på seg internasjonale plikter til å ta vare på laksen er ikkje rette staden.

Sidan det er uråd å finne ut om det krevst løyve og frå kven til å drive slik risikoåtferd, får dei som får dårleg samvit når dei les dette ta det til seg og gjere noko med det.

Gunn N. Morstøl

Leiar, Naturvernforbundet i Rauma

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet