Løysinga langt unna og nær

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kraftlina mellom Sogn og Ørskog ser ut til å vere langt unna for tida, etter det som har hendt i Hardanger med kraftlina der.

Det vil vel vere politisk sjølvmord om regjeringa no avgjer klagesaka på kraftlina mellom Sogn og Ørskog ved å seie at ho skal gå som luftline heile vegen. Seier dei ja til sjøkabel på delstrekningar eller heile vegen får dei eit endå større problem i Hardanger. Følgjeleg er regjeringa no nøydd til å utsetje klageavgjerda minst eit år. Det går i grunnen heller ikkje, skal ein tru kraftmiljøet.

I denne situasjonen er det nokre som finn løysinga i å bygge gasskraftverk. Det finst konsesjonar for gasskraftverk med reinsing, men dei blir ikkje nytta då dei ikkje løner seg. Konsesjonar utan reinsekrav ligg ikkje føre og dei vil i så fall ta tid å gjennomføre, med nye sjansar for at det blir klager og aksjonar og det eine med det andre.

Løysinga er langt unna, lengre enn på lenge.

Men løysinga er veldig nær. Energiøkonomisering er fullt mogleg å gjennomføre på vesentleg kortare tid enn alle dei andre alternativa. Veldig mykje av det materiellet som skal til er hyllevare i butikken, det krev ikkje konsesjon og det er ingen som kan klage. I tillegg er mykje av det lønsamt. Det har vore tida lenge for å arbeide med slike løysingar. No har regjeringa måla seg inn i eit hjørne, og kan hende er det nok til at også dei vil gjere ein skikkeleg jobb på dette området?

Det er tale om ulike tiltak. Folk flest har høyrt om varmepumpe. Til no det spareproduktet som har slått an. Dette truleg fordi det er råd å gå i butikken og tinge eit anlegg og få ein fastpris på det. Det kan ein dessverre ikkje få på mykje av det andre, og det er her mykje av problemet ligg. Det er på høg tid at leverandørane skaffar seg kompetanse slik at dei kan gje råd ut frå erfaring og ikkje teori, at dei kan gje fastpristilbod og at det kan vere ein rett pris. Gjerne også med ordningar slik at husstandar og verksemder kan få tilbod om å betale det heile i form av at innsparinga på straumrekninga går til dette til anlegget er betalt. Ein skulle tru møringar kunne sjå pengar i dette, men om nødvendig får ein omsetje dette lesarbrevet til polsk slik at i alle fall nokon tar tak.

Energiøkonomisering er noko alle kan ha nytte av, også kontor, handelsverksemd og industri. Spart energibruk er sparte kostnader som kan nyttast til kjøp av sparetiltaka. For samfunnet er spart straum like verdifull som ny straum. Eller rettare meir interessant, fordi spart straum ikkje krev nye kraftliner slik ny produksjon gjer. Jo meir vi sparar av straum, jo mindre straumtap blir det i kraftlinene, og jo lågare kan nettleiga bli.

Naturvernforbundet har arbeidd med desse spørsmåla dei siste 5 åra, og utga sin reviderte rapport om kraftsituasjonen i Midt-Noreg hausten 2007. Tida har gått, men forslaga til løysingar er visst minst like gode i dag som den gongen.

Det er eitt hovudgrep som skal til: Statnett må få ein ny instruks der såkalla sluttbrukertiltak kjem inn og høgt opp på prioriteringslista. Rett og slett at kraftforsyninga oppsøker kundane sine for å hjelpe dei til å bruke mindre straum.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen