Løyve kan ikkje fornyast

NVE vil høyre om utbyggingsløvye for Loftdalselva, Rabbelva og Morgådalselva i Rauma kan forlengast. Det seier Naturvernforbundet nei til.

Loftdalselva i Rauma.

Det har no gått 5 år sidan det blei gjeve løyve til å bygge kraftverk i Loftdalselva, Rabbelva og Morgådalelva. Det har ikkje blitt bygging så langt, men det er no søkt om utsett frist til utbygging.

Naturvernforbundet meiner at det må til ny søknad slik at ein kan vurdere denne saka ut frå nye tilhøve. Raudlista som blei bruka i denne saka var frå 2010. Sidan rapporten om biolgisk mangfald blei skrive har vi fornya raudlista to gongar. Søknaden i si tid var dårleg førebudd. Dei biologiske undersøkingane var ikkje gode nok. Dessutan har nok friluftslivet sin bruk av området endra seg.

Ein bygger ikkje ny sjukeheim og baserer seg på 10 år gamal teknologi når det har kome noko nyare. Ein bør ikkje bygge ut vassdrag etter gamle prinsipp når ein no veit betre.